tirsdag, april 18, 2017

Dagbok 2017: 18.april

Klokka er19.45, temperaturen er + 7 grader og det har vore ein strålande dag. Ja, det var så fint då eg vakna i dag at eg stod opp ein time før eg plar. Og ei stund etterpå måtte eg ut å forevige vêret frå altanen. Fullt så klårt er det ikkje no, men vi har stort sett hatt sol heile dagen. Men det er så kaldt! Særleg om morgonen! Også i dag var det rim på hus og garasjetak før sola kom og smelta den vekk.
Eg hadde bestemt meg for å gjødsle i dag, men Nils ville utsette det, så eg måtte gi meg. Gjorde litt hagearbeid, fekk fylt på litt mold og hønsegjødsel i garasje-bedet, blant anna.
Har i grunnen ikkje utretta så mykje. Felte av ein lest, stoppa ein annan, la opp ein ny etc.
Brått kom det luskande ein ung mann ute i gangen. Det var ein sjukepleiar som har vore her før, han kom for å ta blodprøver av Nils. Nils er eigentleg pasient ved Ørstaheimen, men heime på permisjon, så dei har vel eit ansvar for å sjå til han. Håper dei ikkje fann noko gale med blodet, har i alle fall ikkje høyrt noko enno. Sverre Snipsøyr kom nedom ein tur etterpå. Og då han var vekk varte det ikkje lenge før Håkon kom innom. Han har vore"utaføre" heile påska, på Hareid og Herøy så han har ikkje vore her før no i dag. Det høvde slik at vi skulle ete lunsj akkurat då, så då åt han i lag med oss.
Seinare laga eg suppe/lapskaus som vi åt i 17-tida.Sidan eg åt den suppa har eg drukke tett. Eg har vore ein del på data, betalt rekningar etc. og hatt eit par telefonsamtalar, og slik gjekk den dagen.
I morgon får eg ein travel dag, då er det pensjonistmøte, så eg må ned på Kulturhuset både før og etter middag. Men det er no godt å komme seg ut blant folk av og til.
Det hadde begynt å hope seg opp med tomme brusflasker i kjellaren, og akkurat i dag var det nokon som kom og samla. Greitt nok det, men eg sat og prata med ei venninne i telefonen då dei kom, og Nils gjekk ned kjellartrappa. Det gjekk bra.





Ingen kommentarer: