tirsdag, april 25, 2017

Dagbok 2017: 25.april.

Klokka er 20.30, temperaturen er + 5grader, og i dag har vi hatt både sol og regn, akkurat no er det bitte litt sol.
Ikkje alle dagar er like gode og vellykka. Denne dagen har det vore litt av kvart, men ikkje noko veldig alvorleg. Eg kom nyss heim frå Ørstaheimen der eg hadde vore frå klokka var ca. 15.00. Det var eigentleg ikkje meininga at eg skulle komme så tidleg, men det rota seg litt til for meg i dag.
Eg skulle ned på Amfi og handle diverse som eg skulle ha med meg til Nils, men først skulle er inn til urmakaren og få fiksa klokkereima og få nytt batteri til armbandsuret til hans. Mens urmakaren fiksa klokka grov eg i veska etter lommeboka, utan å finne den. Då kom eg på at eg hadde hatt ei anna veske i går og flytta lommeboka dit. Irriterande!
At eg ikkje fekk betalt urmakaren gjorde ingen ting, eg kjenner han godt frå før, og det var berre å stikke innom når det passa, sa han.
Eg lurte på om der fanst andre måtar å få tak i pengar på, når eg ikkje hadde Visakort. Eg gjekk forbi banken, der såg eg ei dame bak skranken, men eg gjekk ikkje inn, for eg har høyrt at dei har ikkje kontantar i banken lenger, så eg gav meg på det og gjekk opp til sjukeheimen. Ergo må eg til Vik i morgon også -MED lommebok.
I går ettermiddag var Nils ganske bra, men i dag tidleg hadde han vore dårleg, sveitt, kvalm og appetittlaus. Slik var det siste tida han var heime også-det var langt på dag før han kom i form.
Han får ikkje medisin intravenøst, berre i tablettform. I morgon kjem legen tilbake frå kurs, så får vi sjå om ho har eit anna opplegg. Ho står i samband med Volda og diskuterer med kreft-teamet der.
I dag gjorde eg noko som eg ikkje torde å fortelje Nils; eg gjødsla. To sekker med kalksalpeter har eg dryssa utover graset på tomta, eller rettare sagt MOSEN. Meininga er at gjødselen skal brenne bort mosen, men då må det helst ikkje regne. I dag var det fint vêr til å begynne med, men ikkje før hadde eg fått utover gjødselen så begynte det å regne. Eg torde ikkje å tilstå overfor Nils kva eg hadde gjort.
Ei venninne stakk innom på føremiddagen også, og vi fekk prata oss tomme. Elles så sette eg på eit par maskiner med klesvask som står på tørking no. Torer ikkje ha på tørketrommelen mens eg er vekke.
 I dag har Wenche, kona til Rasmus, fødselsdag - og vi gratulerer.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...