torsdag, april 27, 2017

Dagbok 2017: 27.april


Klokka er 22.00, temperaturen ute + 1 grad. Det har vore for det meste lettskya og sol i dag, men også ei regnbyge eller to.
Eg kom nettopp heim frå ein lang vandringsdag. Gjekk heimanfrå ca. kl.14.00 og ned på Amfi, der eg handla diverse småtteri. Hovudoppgåva var å betale urmakaren, og å ta ut litt cash frå minibanken.
Då eg kom opp på heimen hadde Nils besøk av to nabodamer, men dei gjekk rett etterpå for då kom legen. Greitt at eg også får snakke med henne, for Nils får ikkje med seg alt. Ja, det er ikkje noko som feilar han i hovudet, han er vel så KLAR som eg, men det med medisinar etc.overlet han til meg. Afripanen som eg hadde med meg ned i går, hadde ikkje virka betre enn den andre medisinen, han hadde vore like kvalm i dag. Den antibiotikaen han har fått til no virka ikkje, så no er det ein ny sort. 
Han hadde ikkje fått i seg særleg mat før eg kom. Til middag i dag var det BALL-noko han ikkje ville ha, så han fekk havresuppe og liknande. Han vil helst ha flytande føde når han er dårleg. Hadde eg fått lov av han, skulle eg tatt med mat. Etter at han hadde ete middag sovna han og sov i halvannan time, minst.  Eg såg TV utan lyd, og hadde god stol å sitte i, så det gjekk bra.
Elles hadde eg med meg druer og banan, som han åt, og diverse som han ikkje smakte i dag. Han sovna fleire gonger, men eg vart verande slik at han fekk barbert seg, pussa tenner, kledd av seg og lagt seg. Han brukar å seie at eg må gå, men i dag ville han at eg skulle vere der. Han er veldig slapp og kraftlaus, men kjem han ut av denne infeksjonen også, kan det betre seg.
På føremiddagen før eg gjekk nedover styrte eg aldri så lite i hagen, men det blir ikkje så mykje med meg slik stoda er no.
I morgon får eg kanskje besøk av Eirik, som skal fikse eit bord, men resten av familien må ikkje stresse med å besøke oss. Nils er slapp, og eg treng ikkje å handle - har eit stort lager. I dag fekk eg kveldsmat på "Heimen". Det blir ikkje så mykje ete uansett. Men no skal eg finne meg litt saltmat.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...