onsdag, april 05, 2017

Dagbok 2017: 5.april

Klokka er 19.10, temperaturen er + 7 grader C og no mot kveld skin det opp. Tidlegare i dag har det vore vått og regnfullt, ja, det var til og med snø på markane i dag tidleg. April er april-ein kan vente seg det meste. No har Nils funne seg ein kamp på TV, så eg stakk av inn til datamaskina ei stund.
I dag hadde eg eit lite problem; eg måtte på apoteket og hente smerteplasteret som Nils hadde bestilt på legesenteret i går, og så skulle eg ha handla litt mat også.
Var berre så vidt ferdige med frokosten, så fekk eg melding frå Marit G: "Eg skal på Amfi og handle, vil du vere med?" Så var det problemet løyst- for ei stund.
Då eg kom på apoteket var der ingen resept på smerteplaster. Men der er ei ung dame frå Aust-Europa som berre er heilt fantastisk. Ho slo nummeret til legesenteret og gav meg telefonen. Men DÅ måtte eg vente. Snakka med ei dame i resepsjonen, men ho meinte at eg fekk vente så kom nok resepten. Eg forklarte henne at eg ikkje hadde høve til å springe opp og ned på apoteket og heller ikkje kunne eg vere vekke så lenge heimanfrå. Då måtte eg vente i telefonen til ho hadde fått snakka med legen, og han hadde gløymt å kontakte apoteket...........
Eg venta i 10-15 minutt, men då resepten enno ikkje var komen, måtte eg berre fare heim att. No skal eg innrømme at eg var litt sur, men det er snart gjort å rette bakar for smed. Eg veit eigentleg ikkje kven som er ansvarleg, sidan Nils er heime på permisjon-men pasient ved Ørstaheimen. Så må eg vel ned att i morgon.
Då eg kom heim hadde Nils besøk av ei av nabodamene, så han var i trygge hender. Eg forbyr han å reise seg opp og gå når eg ikkje er i nærleiken, men ein kan aldri vite.
Smerteplasteret skulle eigentleg vore skifta i går, så vi var ein dag for seint ute. Men så blei det dusjing, hårvask, klesbyte og nytt plaster. Han skal eigentleg ha 25 mg plaster- men eg tok to 12mg som sist, for det hadde eg på lager. Vi har valt å greie opp sjølve både med medisin og dusjing, det er berre stress å ha folk inn og ut for å gjere slikt som vi fint greier sjølve. Det går i grunnen bra, Nils tek medisinar og han et godt.
I dag åt vi restar frå i går til lunsj, til middag hadde eg kjøpt frosen fisk-"Kapteinens fylte rødspette". Tja-paneringa var sprø og god. Vi som alltid har laga mesteparten av middagane våre frå grunnen av, har no testa ut diverse frosne alternativ og halvfabrikata. Eg er ikkje imponert.
Dagane går opp i diverse huslege syslar, klesvask, litt strikking etc. Og dagane fyk av garde.
Fekk helsing frå Rasmus i dag, han er i Budapest.
Bildet over tok eg ca kl.19-viss de ser godt etter kan de sjå regnbogen fram i Mosmarka.



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...