tirsdag, april 04, 2017

Dagbok 2017: 4.april



Klokka nærmar seg 19.00. Temperaturen ute er + 5 grader C; det regnar og blæs! Ja, det fine vêret vi hadde i går varde ikkje lenge, nei. I dag let dei seg att både krokusane og dei andre blomstrane. Dett var dett!
I dag hadde vi ein strategi: Eg skulle stå opp først, så skulle eg gi Nils morgon-rasjonen med tablettar og han skulle ligge ein halvtime til, før han stod opp. Det funka heilt fint, og vi har hatt ein god dag. Eg som har vasa rundt stort sett heile vinteren, er no husmor og sjukepleiar på heiltid-men det er heilt OK. Einaste aberet er at eg kjem til å legge på meg, no når eg får mindre mosjon og meir mat. Når Nils skal legge på seg, blir det ikkje akkurat slankekost.
I dag venta vi besøk av heimesjukepleien, og dei troppa opp, ein nyutdanna gut og ei jente som enno var elev. Det var ikkje så mykje dei kunne gjere for oss, og heller ikkje så mykje hjelp vi hadde behov for. Det var noko styr med smerteplaster-vi hadde ikkje rette styrken på det vi hadde, så Nils måtte ringe både apoteket og legesenteret for å få orden på det. Så no må eg på apoteket ein av dagane og få tak i det vi skal ha. Elles så har vi det vi treng av medisin. Eg har tatt på meg ansvaret for medisinering, det klarer eg fint. Har medisinliste.
Til lunsj i dag hadde vi ferdigkjøpt fiskegrateng med heimeraspa gulrøter til. Ikkje det heilt store den gratengen.
Ei stund seinare kom Margrete på besøk. Eg hadde steikt sveler, noko eg ofte gjer, for då kan eg sende med restane heim til gutane.
Til middag i 18-tida laga eg vår spesielle variasjon av "Pasta Carbonara"-saus frå pose + ein skinkeboks. Spagetti til ! Det er noko Nils likar.
Eg skulle skrive blogg før nyheitene, men så var eg inn på FB først, så då gjekk tida litt fort.
Solveig kom med garnpresang til meg sist fredag. Då hadde eg akkurat starta på eit par kjedelige lestar som eg måtte gjere ferdige før eg kunne begynne på det nye garnet. Begynte så vidt søndag og no er dei snart ferdige. Eg strikkar når eg ser TV og somme tider elles også.

Ingen kommentarer: