mandag, april 03, 2017

Dagbok 2017: 3.april

Klokka er 20.00, temperaturen ute er +12 grader, for eit par timar sidan var den oppe i 14-15 grader C. Det har vore fint vêr i dag, opplett, men ikkje mykje sol. I dag er heile plenen nedanfor huset dekt med krokus. I år er det ingen som trakkar på dei heller. Dei små blå ovafor garasjen poppar opp av jorda med ein viss fart no. No ser det ut for at våren er her for godt-men kven veit?
Dagen i dag starta dårleg. Nils var på ingen måte bra, han hadde sove lite sist natt og var i ulage.  Han måtte få medisinen sin og ligge ei stund på "day-beden" før han greidde å ete frokost. Etter at han hadde sove litt i godstolen kom han til hektene igjen. Avtalen med Ørstaheimen var at vi skulle gi tilbakemelding i dag, men ho som eg snakka med var ikkje orientert, så eg måtte ringe heimesjukepleien osv. Heimesjukepleiaren kunne ikkje komme akkurat då, men skulle ringe seinare. Det gjorde ho, men då var det langt utpå ettermiddagen. Dei hadde laga til posar med medisin til og med frokosten i dag, men eg fann rette medisinane her heime, så eg kunne ta resten sjølv. Smerteplasteret kunne eg også skifte sidan vi hadde slike i hus. Heimesjukepleiaren kjem i morgon. Meininga er at dei skal følgje med om der er ein ny infeksjon på gang.
Nils vart betre i form etter kvart og har ete både lunsj og middag. No ser han fotball. Eg har sete ved datamaskina og høyrt lydbok og strikka. Men først var eg ein tur på nærbutikken og handla litt, men det var mest for å få turen. Det gjorde godt for hofta mi å få kvile nokre dagar, men den begynte å trøble med det samme eg begynte å gå. Det irriterer meg litt, men eg gir ikkje opp.
Ingen har besøkt Nils i dag heller, så no er eg redd eg har skremt vekk folk. Nils vil gjerne at folk stikk innom , han er best i form utpå ettermiddagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...