søndag, april 02, 2017

Dagbok 2017: 2.april


Klokka har passert 19.30. Temperaturen ute er + 8 grader C og det regnar. eg har vore inne i heile dag og i heile går, slik blir det berre når eg sluttar å "vandre".
Nils er framleis heime, og det går framleis bra. Akkurat no sit han i stova og ser fotball på TV, mens eg har hatt meg ei stund med lydbok på data og strikketøy. Dei to nettene Nils har vore heime har han sove så utruleg godt, det er tross alt fredelegare her enn på institusjonane. Trur det har vore travelt for han, rett og slett. I morgon blir det samtale med sjukepleiar og ev. blodprøver. Viss alt ser like bra ut får han vere heime lenger. Eg trur og håper det.
Vi klarer oss stort sett sjølve når han ikkje er direkte sjuk.(infeksjon).
Rasmus ringde i dag, han fortalde at Eivind skal konfirmere seg borgarleg den 6.mai. Ja, vi visste sjølvsagt om konfirmasjonen, men ikkje datoen. Vi, besteforeldra kan sjølvsagt ikkje møte fram, men andre får representere Trovågfamilien. Slik er det berre.
I dag fann eg fram kjøttbollar frå frysaren og laga ein god saus, så det vart skikkelig middag. Nils fekk dessert også, men det held eg meg unna.
Ingen har vore på besøk i dag, så langt, men vi kjeder oss ikkje. Dagane går fort nok om vi ikkje får utretta så mykje. et er etter kvart ein heil jobb å få unna det mest nødvendige.(Høyrde de på Are Kalvø i går, forresten? )
No er vel fotballkampen snart slutt og i kveld er det "Skårungen"- eit program som Nils kosar seg med. Ja, eg må berre seie det at fjernsynet er ei velsigning når ein ikkje kan vere så aktiv som ein har lyst til å vere.
PS: Kutta stilkane på rosene i dag; då vart dei nesten enda finare. Dei folda seg meir ut.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...