søndag, april 23, 2017

Dagbok 2017: 23.april

Klokka er 19.45, temperaturen er + 3 grader og det som kjem ned frå himmelen no er vel nærmast sludd. I dag vakna vi igjen til kvite marker og snø på altanrekkverket. Ja, vinteren var snøfattig, men jammen har det kome ein del nedbør som snø i seinare tid. Trøsta er at den kan ikkje bli liggande no.
Elles er stoda i heimen om lag som før, Nils er ikkje betre i alle fall, han er sløv og trøtt, særleg tidleg på dag. Om kvelden er han meir oppegåande. Vi fekk no gjennomført seremonien med vasking og byting i dag også. Eg føler at tredje kvar dag er ofte, men godt å ha rutiner. I morgon håper eg vi får kontakt med Ørstaheimen, i helgane er det ganske vanskeleg, og helga varer frå fredag til mandag. Ja, det har no ikkje vore noko dramatikk, men vi vil no gjerne vite resultatet av blodprøvene som dei tok tysdag i førre veka i alle fall.
Nils har ikkje så god appetitt, men han et no bra, og er ikkje kvalm, så det er no eit lyspunkt.
Vi averterte leilegheita i kjellaren til leige i Møre-Nytt; det var lite respons, men då vi la inn bilde og tekst på sida "Til leige i Volda og Ørsta" var det mange som melde seg. Ei av dei, Silje, kom i dag ilag med ei venninne, og dei var begeistra for leilegheita. Eg nølte litt, for ho kan ikkje flytte inn før 15.juni, men ein kan vel ikkje vente at folk er klar på dagen. Eg vil helst av alt ha inn unge jenter, så vi bestemte oss for å sette strek der. Berre mens dei to jentene var her, var det to MENN som ringde. Eg gjekk inn på sida og skreiv at leilegheita var utleigd, så slapp vi fleire telefonar. Men det er kjekt å sjå at det ikkje er så håplaust å få leigd ut gamle leilegheiter. Den leigesida var forresten interessant å studere, der får ein litt peiling på prisar etc.
No ser Nils fotball, men om ei stund skal vi ha litt middag; det har gått i brødmat etc. før i dag.
I dag kan vi gratulere Bodil med dagen. Håper du har ein fin dag, Bodil! Alle dei tre svigerinnene mine, pluss svigerdottera, har fødselsdag i april.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Kjekt det ordnar seg med utleige. Det er ei fin leilegheit. Eg kom på at HP brukte same opplegget då han leigde ut si hybelleil, "Leilighet/hus/hybel til leige/Ønskes leigd i Nordfjord". Då ordna det seg for han også. Eg kom ikkje på det før Margrete hadde godt råd til deg. Spesielt dei unge les ikkje avisannsonser lenger, alt føregår på nettet.