lørdag, februar 22, 2014

Dagbok 2014: 22.februar.





Klokka er 20.45, temperaturen ute er +4 grader og det regnar.
Regna gjorde det også den dagen Audun var fødd for 24 år sidan. Då bøtta det ned. Tidlig vår var det då også med blomstrande snøklokker i hagane, slik det er somme stader no . På Hareid var det heilt bert, her hos oss ligg det framleis litt snø.
I dag var vi invitert til middag og kaffi på Hareid, sidan Audun er heime frå Oslo ein snartur og har fødselsdag i dag. Vi fekk nydelig mat, som vanlig, svinesteik med all slags tilbehør til middag, seinare fekk vi bløtkake, is og bær. 
Vi brukar å gi barnebarna pengar i bursdagsgåve, for det dei ønsker seg er helst dyre ting som dei må spare til. I dag fekk Audun ei remse med Flax-lodd i tillegg til den tradisjonelle pengesummen, i håp om at det kunne bli gevinst. DET blei det. Han vann akkurat så mykje som remsa kosta, men så hadde han litt spenning mens han skrapa.
Vi vart litt forseinka på heimvegen, for på Eidet hadde det vore ei ulykke, så der var full stans. Det blei til at vi svinga ut til venste, og køyrde parallelt med hovudvegen eit stykke, før vi kom oss inn på att. Dessutan var vi innom REMA 1000 i Ulsteinvik og handla litt småtteri. Då vi kom inn i tunnelen kom sjukebilen bak oss (køyrde forbi) med blålys på. Eg synest alltid det er ekkelt å "dumpe borti" ulykker, og ikkje vite kor alvorlig det er, så no må eg sjekke Sumpen.
I dag såg eg faktisk litt av skiskyttarstafetten, og fekk med meg kven som vann og kven som vart nr.4, blant anna.
Eg hadde eg med meg kamera i dag, men det vart ikkje teke så mange bilde.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg ser saka. Det går visst greitt.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...