torsdag, februar 06, 2014

Dagbok 2014: 6.februar -Samefolkets dag.

Klokka er 18.30. Temperaturen ute er + 8 grader, det er overskya, men nydelig vêr, verken regn eller snø har kome frå himmelen i dag;  sola var framme så vidt det var. Men vinteren kjem nok i løpet av februar-mars, og då blir det nok litt av ein nedtur.
I dag fikk eg eit anfall av energi, så eg tok like godt og vaska ned badet. Eg er nok ikkje så grundig og nøye som eg var før, det går med moppar på langt skaft. Tek ikkje sjansen på å klatre verken på stolar eller i trapper på glatt golv.Det får vere greitt nok med kattavask, SÅ skite er her heller ikkje.
Eg er ikkje heilt sikker på kva Nils styrte med.
Vi åt i alle fall lunsj i lag, og etterpå vart det pause med lydbok på sofaen.
Nils fann ut at han ville gå ein trimtur i skogen, og då kunne ikkje eg vere med, så eg gikk heller ein tur ned på den nyoppussa Kiwi-butikken i nærmiljøet. La att ein lapp til Nils om at han måtte hente meg med bil. Gikk og såg meg om i butikken til han kom, for handlinga måtte avgrensast om eg skulle bere varene heim.Butikken er blitt både større og ryddigare. Nils kom, så eg fekk handle det eg ville.
Vi grov  fram nokre pølser frå frysaren, og det vart middagen i dag. Eg laga fruktsalat og serverte den med mager Kesam. Det var forfriskande og godt.
No sit eg og kosar meg med ein god kopp kaffi.
Nils hadde planar om å fare ut og fiske i lag med Matias i morgon, men Matias hadde ikkje høve til å vere med, så då spørs det. I det siste har det vore berre småsei å få, og det er grenser for kor mykje ein vil ha av den sorten.Og så er det snart helg igjen. Kan ikkje hugse at vekene var så korte før i tida.

1 kommentar:

Elin sa...

Fekk assiasjonar om ein gammal lappvits når du har skrive lapp til Nils... Såg det var ei kantine som må beklage oppslaget sitt "nysteikte lappar", vi feirar samefolket sin dag. Jaja, litt uskuldig moro må ein kunne tillate seg. Ha ein fin dag.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...