mandag, februar 24, 2014

Dagbok 2014: 24.februar.

Klokka er 19.30. Ute er det mørkt, det regnar og temperaturen er + 8 grader C. Tidlegare i dag var den oppe i +12 grader.No har vi nettopp ete middag, litt seint på dag, men Nils måtte av stad og fiske maten først. Det har vore lite fisk å få i seinare tid, berre småsei. Men han fiskar såpass at vi har ein dag kokt og ein dag steikt. Litt snippe å ikkje ha noko å gi bort.
I dag hadde eg mange ærend i Vik, så føremiddagen gikk stort sett  med til eit besøk på Amfi.Vi skulle ha medisinar og tran, pluss litt matvarer - og papir til printaren på Clas.
For å få tak i silikonbrødformer måtte vi ut på Jernia. Der fekk eg tak i akkurat same sorten som eg fekk  med Solveig til jul. (Då kjøpte ho den siste dei hadde på butikken der ute). Eg er veldig begeistra for desse formene. Ein treng ikkkje å smørje dei, og brøda sklir ut av formene utan problem. Dei kan vaskast i oppvaskmaskin, men eg ser ingen grunn til å vaske dei kvar gong eg brukar dei. Dei er jo like reine.
Eg var også ein tur på biblioteket der eg lånte 4.boka i krim-serien til Øystein Wiik, har lese berre ei av dei før. Så sette eg meg på ventelista til to heilt nye bøker, som ikkje var klargjorde enno.
Då vi kom heim tok vi ei brødskive og ein kopp kaffi, så sette eg i gang å bake brød og rippe bok m.m. mens Nils for på fisketur.
No har eg berre to CD-plater att av boka mi, men det må vere noko som er gale når ein synest boka er altfor lang?
I morgon f.m. skal eg til frisør, onsdag er det pensjonistmøte og torsdag skal eg skrive referat. Men så har eg "fri" heile mars månad. Ryggen min er ikkje heilt god, så eg føler eg går litt vel mykje på stas for tida. Og det likar eg ikkje.Men så lenge eg ikkje er sengeliggande går det ganske bra.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...