onsdag, februar 19, 2014

Dagbok 2014: 19.februar

 Storebakken


 Utsikt frå Storebakken, mot aust.

Klokka er no 17.15, og sola forsvann akkurat frå stova. I dag skein ho inn i 9.30 tida, og har helde det varmt og godt heile dagen. Temperaturen på baksida av huset er 0 grader C. Vi har hatt ein nydelig dag, og skulle sjølvsagt ha vore ute heile tida, men slik laga det seg ikkje. Nils hadde time til kontroll på sjukehuset klokka 11.00 , og dermed var føremiddagen oppteken. Mens han var vekke fekk eg gjort litt lettare husarbeid og skrive eit lite avisinnlegg.
Då han kom heim laga vi til middag av oppattvarma ball frå frysaren, med diverse tilbehør. Vi vart i alle fall skikkelig mette. Eg hadde tatt min daglige tablett rett før middag, så augo datt att med det same eg la meg på sofaen. Rasmus ringde, og prata første lenge med faren, før eg fekk sleppe til. Det går sakte men sikkert framover med foten hans. Han trenar sjølv og får behandling hos fysioterapeut.
Etter at eg hadde fått meg ein kaffikopp, fann eg ut at eg ville prøve å gå ein tur, og det gikk bra, men måtte halde meg til hovudvegane der det var bert og ikkje glatt. Eg har ikkje vondt i ryggen lenger, berre litt i skulderblada, noko som eg kjenner best når eg skriv på PC-en. Så eg er ved godt mot.

 Fonnavegen. 
Olavsgata
 
      Starevegen

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...