torsdag, februar 20, 2014

Dagbok 2014: 20.februar


Klokka er ca 16.00, og temperaturen ute +3 grader. Det er overskya og det er ikkje mykje vi har sett av sola i dag.No har vi nettopp ete steikt småsei til middag, og det smakte fortreffelig, som vanlig.
Før middag i dag fekk eg vaska bad og kjøkken og så sende eg av garde eit innlegg til avisa. Godt alt som eg gjort til helga.
I dag hadde vi mange ærend i Vik, eg har jo ikkje vore på Amfi på over ei veke. Trefte forresten ei god veninne som eg ikkje har sett på lenge, så vi vart no ståande å prate ei stund.  Eg hadde eit oppdrag frå barnebarnet, Olaug, det var ei Mummiskål eg skulle skaffe henne, håper det er den rette.
Nokre kontorsaker trong eg også, og eg hadde i bakhovudet at om eg fann ei viss bok på sal, så skulle eg kjøpe den. Og det gjorde eg. Har høyrt mykje skryt av denne boka, men vart litt betenkt då eg såg ordet bestseller....
Den gamle steikepanna vår song på siste verset, og på Jernia hadde dei svære steikepanner - minus 500 kr om ein leverte inn den gamle. Den gamle hadde vi ikkje med oss, men rekna med at det gikk greitt likevel, og det gjorde det. Vi kan vel like godt kaste den gamle sjølve? Fisken vart steikt på den nye panna i dag, og det gikk bra.
No gler vi oss til laurdag, då skal vi til Hareid og feire Audun sin 24-årsdag. Fødselsdagane kjem tett no framover.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det er rette skåla!

Hildegard sa...

Eg kjøpte lydbok av Øystein Wiik, "Dødelig applaus" på Mammutsalget.

Besta sa...

Den har eg lese, Bodil,som lydbok. Ganske eventyrlig. Underhaldande.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...