mandag, februar 17, 2014

Dagbok 2014: 17.februar




Klokka er18.45. Temperaturen ute er + 2 grader C. Eg har lenge ønska meg kvite marker og vegar, men det var ikkje akkurat slik snø eg tenkte på. Slaps kallar vi dette, og det er berre ekkelt. Då kan det vere like greitt at eg må halde meg inne.Slepp i alle fall å lengte ut. Nils har vore nedover eit par gonger i dag, blant anna for å kjøpe medisin til meg. Hadde tenkt å vere med, men det gikk ikkje. No har eg fått reseptbelagt medisin av ein type som har hjelpt meg før.Så får vi sjå. Mirakelmedisin er det i alle fall ikkje.
Før han var nedover såg vi curling, men danskane var utrulig flinke, så i dag vart det tap for Norge.Dette spelet handlar om strategi, og ingen spring og slevar, derfor likar eg det betre enn skirenn t.d.
Nils henta to bøker på biblioteket til meg, så eg hadde litt arbeid med å rippe dei inn på datamaskina. Bestemte meg for å lese den kortaste først, så no går det i Paasilinna her. Det er litt for tidlig å seie om eg likar den. Det kan hende at eg har fått nok av den typen humor.Det irriterer meg litt at opplesaren les litt fort, eg føler at eg ikkje får fordøye teksten.
Elles skjer det ikkje all verda når eg ikkje kan vere meir aktiv, men no skal eg i alle fall tømme tørketrommelen og legge i hop ein klesvask.Håper at dei som har vinterferie får nokre gode dagar.

2 kommentarer:

solveig sa...

No på ettermiddagen har det kome litt snø her og.

Besta sa...

Og det har kome meir her. Desse bilda tok eg f.m.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...