søndag, februar 16, 2014

Dagbok 2014: 16.februar



Klokka er ca 16.30, og i dag har vi vêr, og det er svært så variert. Før middag hadde vi snø i fjella, regn, skodde og enda til litt sol. No har vi ikkje sol. Temperaturen ute er + 4,5 grader C.
For ei veke sidan hadde vi ein nydelig dag, då vi var ute og gikk tur. I dag har eg stort sett lege på sofaen og lese lydbok. Forma er ikkje på topp.
Om ein times tid skal vi ein snartur bort på flyplassen og sjå Ingeborg vel av gårde. Ho hadde gløymt att eit par småting her som vi skal ta med.
Litt trist for dei som skal ha vinterferie at styggevêret kom akkurat no. For oss som har heilårsferie betyr det ikkje så mykje.
Nils ser litt på OL innimellom, det er ikkje eg så interessert i, men ser litt curling.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Litt TV-titting blir det på oss i styggeveret, men eg ôg har sikra meg lydbøket som alternativ. Ønskjer dokke begge ei god veke.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...