Klokka er15.15, temperaturen ute er +10,5 grader, det var nokså skya , men no skin sola inn glaset her. Det er eit utrulig vêr.
På føremiddagen i dag såg Nils TV og eg las litt, så tok vi oss ein lett lunsj, køyrde ut på VInjevoll og gikk heile Kanalvegen opp og ned att. Eg hadde ikkje med meg fotoapparat, har berre det store som virkar skikkelig, så det blei ikkje tatt bilde før vi var heime att. Og det var då sola kom!
Nils sjekka at fuglane har mat i plastdunkane i treet.
Opp under altanen, framfor utedelen til varmepumpa, tørkar Nils småsei som Kjell skal få til hundane sine. I beddet nedanfor tilbygget spirer løkblomstrane.
Middag skal vi ikkje ha enno, og kake blir det ikkje i dag, sidan vi åt morsdagskake i går.
Elles kan eg no gratulere alle mødrer med dagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar