fredag, november 11, 2016

Dagbok 2016: 11. november

Klokka er 17.00, men det er mørkt ute. Temperaturen er +5-6 grader C og det regnar litt. Kan ikkje seie at eg likar regn, men eg likar mildvêret.
Nils har lege i heile dag, men han er ikkje så kvalm lenger, og han har ikkje feber. Men så lenge han er så slapp, har han det best i senga. Eg er no inne og pratar med han innimellom.
Eg har hatt ein del ute- og garsjearbeid i dag, i tillegg til klesvask etc. Men det er sjauararbeid eg likar best. No når Nils ligg til sengs overtek eg arbeidsoppgåvene hans også. 
Det er til dømes eg som fyrer i omnen. Men eg hadde litt problem med opptenningsved. Fekk ikkje til å hogge sund kubbane, dei var tørre og harde, og øksa var sløv. Så kom eg på at eg kunne rigge opp vedkløyvaren og finkløyve med den. Det gjorde eg fort og greitt, tok ein sekk oreved og splitta opp. Eg likar så godt å kløyve ved med vedkløyvar ! Mindaugas kom inn i garasjen og prata då han kom frå arbeid, og fortalde at dei truleg skal flytte i veke 47, han hadde sendt melding til Nils på data, men den meldinga kan vi ikkje finne.
Elles har eg rive vekk blomkarsen frå garasjeveggen, vi plar vente til den er tørr, men i fjor kom snøen og den hang der heile vinteren, så det ville eg ikkje risikere i år. Ofte har eg brukt blomster frå blomkarsen og pynta med til Nils sin bursdag- då har det vore milde haustar. Der er så mykje frø i beddet at blomkarsen sår seg sjølv frå eine året til det andre. Raka litt lauv også, men måtte gi meg då det begynte å hagle.
Det var så godt å komme seg ut og jobbe litt i dag, det er trasig å sitte inne når Nils ligg til sengs. Han kjem vel til å stå opp før TV-programma tek til. Han har heldigvis ikkje vondt.Men eg synest det er trist at han vart så elendig no når vi tykte det gjekk så bra.Det er nok vaksinen si skuld.
Det kom ei dame på døra med ein fin bukett frå Ingeborg, det er den de ser på bildet. Den er frå "Sissels blomster" her i Ørsta. Men Ingeborg er i Oslo, ho kjem ikkje heim før til jul.(Fargane blir litt feil når ein brukar blitz).
Eg er lens for lesestoff. Har ei bok som eg høyrer på innimellom, men den fenger ikkje. Må ha meg ein tur på biblio.
Gjorde ferdig eit lestepar i går, så no må eg sjå kva eg har av garn.....har nokre par som skal "oppattespøtast"!
No kom det to blomstersendingar til på døra, frå søskena til Nils og frå søskenbarnet Helga.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...