onsdag, november 30, 2016

Dagbok 2016: 30.november

Klokka er snart 17.00, og det har vore mørkt nokså lenge. Dagane er korte på denne tida av året, og når det er overskya og regn blir det enda mørkare. Temperaturen er + 1 grad ute, og det vart litt glatt igjen. Viss det hadde vore heilt bert hadde eg kanskje gått ein tur nedover i dag.
I staden jobba eg litt ute. Sette i gang vedkløyvaren i garasjen og henta inn to sekker ved som eg finkløyvde til opptenningsved. Etterpå tok eg trillbåra og køyrde inn resten av veden. Den låg og vart våt ovafor garasjen. Men der ligg plankar, staurar etc. som vi skal ta bort når eg får litt hjelp. Kosta i garasjen , men enno er der mykje rot. No er der i alle fall plass til bilen, men Nils vil ikkje ha den inn så lenge den ikkje er fri for snø på taket. Eg likar slikt sjauararbeid
Eg ser på FB at mange er fullt i gang med juleførebuingar. Det blir laga lammerull, leverpostei og kaker. Eg har ikkje gjort noko slikt. Kvart år etter jul seier eg til meg sjølv at neste år skal eg ikkje bake ei kake, men så gjer eg det like vel. Særleg MÅ eg lage krumkaker. Og så sit eg der og tvingar meg sjølv til å ete dei, før eg knuser dei siste og bakar dei inn i brøddeigen. I år skal eg ikkje bake småkaker!
Eg er ikkje sikker på om vi har ete middag i dag, eller om det var lunsj. Retten var kryddersild frå glas, heile filetar, og kokte eg + litt potet frå i går. Viss vi finn ut at vi vil ha noko anna, er det enno lenge att til vi skal legge oss. I dag sovna begge to i reclinerane etter at vi hadde ete. I går var eg så trøtt at eg brukte all min energi på å ikkje sovne-ikkje så kjekt det heller.
Strikka ferdig eit par restelester i går, dei skal eg ha sjølv og så får eg begynne på eit nytt lestepar, det er alltid nokon som frys på føtene.
Har fyrt i omnen for andre gong i dag, må ha litt omnsvarme i tillegg til varmepumpa.
Eg har hengt opp "juletreet " på veggen ved inngangsdøra, så no er det berre stjerna i stoveglaset som ikkje er på plass-trur eg.
I morgon må eg kanskje ein tur til Vik, men det er ikkje noko problem.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...