torsdag, desember 01, 2016

Dagbok 2016: 1.desember

Klokka er18.15, temperaturen er + 2grader, og det har kome eit lite snølag på trappa. Tidlegare i dag har det både regna og hagla.
Eg hadde avtalt med ei veninne at vi skulle til Volda i dag. Ho henta meg 12.30. Før den tid hadde eg ikkje fått gjort så mykje utanom det vanlege morgonstellet. Rakk å shine opp kjøkkenet, dusje og vaske håret. Naboen kom og besøkte Nils mens eg var vekke.
Vi var først på kafé på Spinneriet, og så var vi på Janus. Den fabrikken produserer enno her til lands, derfor likar eg å handle der. Det var no eigentleg veninna som hadde ærend, men eg kjøpte ei ny ulltrøye til Nils. Han har veldig mange frå før, men eg synest han skulle ha ei fin, ny trøye til han skal til Åse. Så gjeld det berre at ein klarer å halde den unna dagleg bruk. Eg kjøpte ikkje noko til meg sjølv i dag. Elles var vi inne på nokre andre butikkar også, utan at eg kjøpte noko. Var liksom ikkje i modus for handel i dag.
På heimvegen stoppa vi ved AMFI så eg fekk kjøpt litt medisin.
I morgon kjem Solveig innover og då skal vi handle mat til helga, begge to. Det tømest ikkje så fort hos oss lenger, vi har stadig eit bra matlager, men noko er det no vi manglar også. Det var no ei kjekk avveksling for meg med ein bytur, og Nils greier seg fint utan meg nokre timar. Han hadde varma seg havregraut som eg kokte i går, så middag har vi ikkje ete enno. Men den er på beddingen.
Det vart ein spennande sjakk-kveld i går. Og eg var nokså sveitt i øyrene av alt "maset"- og jammen fekk eg lyst å spele sjakk igjen. Eg har kunna det ein gong, dvs.eg kunne reglane for korleis ein kan flytte osb. Kan hugse at vi prøvde å lære spelet frå ei bok. Rasmus var vel den som kom lengst i kunsten. Men vi spelte vel "lyn"-sjakk samanlikna med dei som er verkeleg gode. Slikt tolmod som dei har ikkje eg.
No er det snart dagsnytt-tid. Det blir mykje TV her i huset for tida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...