fredag, desember 02, 2016

Dagbok 2016: 2.desember

Klokka er snart 22.00. Temperaturen ute er + 1 grad C og det ligg eit tynt snølag på markane.
På føremiddagen i dag var eg relativt aktiv; bytta på sengane, vaska golv, la i hop klesvask etc.
Til middag åt vi kryddersildfiletar med mandelpotet og kålstuing. Både Nils og eg er veldig glade i sild. Eg plar ofte seie at vi sikkert er siste generasjonen som likar spekesild-men det gjer vi altså. Og så er saka den at Nils ikkje har lyst på så mykje, så vi må lage det han likar. Eg et all slags mat, så det er ikkje noko problem.
I dag måtte vi kvile litt middag, og eg fekk unna enda ei plate av "Syttitallet"-no er det visst berre 8 plater att. Det blir ikkje lese så mykje for tida, men akkurat desse bøkene til Ketil Bjørnstad går det fint an å legge frå seg og ta att.

Solveig kom på slaget halv seks slik ho hadde sagt, og eg stod klar, så vi reiste direkte på Amfi og handla til helga, begge to.'
Så kjøpte vi oss kvar sin topp også, min var litt raud og "julete", hennar var grå til bruk under strikkajakke.
Ho hadde med seg kaffimat, så eg hadde berre å sette på "kjelen" då vi kom heim. Ein liten jobb hadde eg også til henne. Ho måtte på loftet og hente gardinene! Dei gløymde vi å ta ned då Margrete var her. No er det ingen jobbar her som det hastar med, så då blir det tryggare å komme på besøk.
Neste veke har vi litt av eit program. Måndag skal vi til Åse sjukehus igjen, og onsdag er det julemøte i pensjonistlaget. I år må eg nok gå åleine, det blir for slitsomt for Nils. Sidan eg er styremedlem og sekretær føler eg det som ei plikt å stille opp. Torsdag føremiddag går som regel med til referatskriving.
Margrete er på Weekwndbesøk til Køben i lag med kollegaer, håper dei har det fint.
Då vil eg ønske alle ei god helg.  Prøv å ikkje stresse med juleførebuingane.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...