onsdag, november 16, 2016

Dagbok 2016: 16.november

Klokka er19.35, temperaturen + 4 grader og det har regna i heile dag. I dag har eg vore relativt aktiv på heimebane, fått rydda, støvsuga og vaska klede blant anna.
Solveig ville innover og besøke Nils no på sein ettermiddagstid, og plukka opp meg på vegen.
Barnebarna i Volda hadde besøkt han tidlegare i dag. Han set pris på KORTE besøk, for han er veldig redusert. No har eg ikkje fått snakka med nokon lege, men fekk litt orientering av ein sjukepleiar. Ho kunne fortelle at han har ein infeksjon i kroppen, han hadde nesten 40 i feber då han vart lagt inn mandags natta, men då ho målte mens vi var der var tempen under 38 grader, då hadde han fått to Paracet..
Verken Solveig eller eg var særleg nøgde med tilstanden hans, men vi håper dei får bukt med infeksjonen. Vi trur framleis at han fekk den i samband med influensavaksinen. Sjukepleiaren lova at dei ikkje skal skrive han ut før han er nokonlunde frisk. Eg kjenner meg relativt trygg så lenge han er på sjukehuset-men hadde håpa på litt meir framgang. Det positive var at han hadde ete litt fisk til middag i dag, men poteter orka han ikkje. Eit lite/stort lyspunkt er det at han ikkje har smerter. Det som gneg meg er at vi ikkje fekk han inn på sjukehuset før, men det er ikkje berre vår skuld.
Eg skal bort i morgon igjen, då blir det truleg i lag med Einar.
Eg fann ein ladar til mobilen som han kan bruke der borte, men så må eg hugse å kjøpe ringetid i morgon-vi har korttelefonar. Det er best at HAN ringer, for han er ikkje alltid i form til å prate. Og han søv og døser mykje.
Eg håper eg kan komme med ein meir positiv rapport i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...