tirsdag, november 15, 2016

Dagbok 2016: 15.november



Klokka har allereie passert 21.00 , dagane går veldig for anten det skjer noko eller ikkje. No er det + 7-8 grader ute og det har regna meir og mindre i heile dag.
Det er mange som ringer eller skriv og spør korleis det går med Nils. Han er ein populær kar her i gata og har veldig mange venner og kjende i heile bygda, og så er det slekta sjølvsagt. Eg har løyve frå pasienten til å skrive om han på bloggen, så det gjer eg.
Eg vart noko rastlaus etter at ambulansen hadde køyrt vekk i går, og det gjekk eit par timar før eg greidde å finne roa og legge meg. Sov ikkje så lenge utover morgonen heller, men låg ei stund på trass.(Etter at eg hadde vore oppe og sett på varmepumpa).Å ete frokost åleine er eg blitt vant til.
Så ringde fastlegen til Nils og beklaga det som hadde skjedd, han hadde ikkje fått brevet før i dag. Ein nabo stakk innom og det sette eg pris på. Eg hadde avtale med Einar at han skulle hente meg og så skulle vi besøke Nils. Eg sende ei melding til Nils på mobilen, men han hadde ikkje brillene med seg så han ringde tilbake. Eg ville vite kva eg skulle ta med til han, og så fekk eg vite kva etasje han heldt til m.m.
Einar kom som avtalt og så stoppa vi ved legesenteret fordi dei ville ha ei liste over kva medisinar Nils brukar, det hadde vi tenkt på sjølve, men i tillegg ringde dei frå sjukehuset.
Det var godt å ha Einar med seg, for han er kjend på sjukehuset og med rutinane der. Nils var plassert på gangen i 4.etasje, men ei lita stund etter vi var komne fekk han flytte inn på eit lite koselig einerom. Han fortalde at dei hadde halde det gåande med undersøkelsar og prøver etc. heilt til klokka 5 i dag tidleg, og så hadde han lege på gangen heile føremiddagen, så han var ganske trøtt og sliten. Likevel såg han betre ut enn han har gjort dei siste dagane han var heime. Han fekk diverse "drypp" inn i handa, men såg ut til å ha det ganske bra. Berre det å ha ei seng som kan heisast opp i hovud-delen er eit pluss når ein vil sitte i senga. Trur vi må kjøpe oss slike senger heime. Ei av veninnene mine gjorde det då mannen hennar vart sjuk. Eg er så glad for at han fekk komme på sjukehuset og få skikkelig stell, det makta eg ikkje å gi han heime, dessutan er det medisinen.Eg har tru på at dette skal gå bra.
Då vi hadde vore der ei lita stund, ringde Margrete, og så kom ho også oppom. Men det varte ikkje så lenge før Nils begynte å geispe noko forferdelig, ikkje rart etter ei slik natt og dag. Så vi forstod at det var greitt at vi gjekk. Eg spurde Margrete og Einar om dei ville vere med å ete middag på Kina-restauranten, og det ville dei. Vi hadde ei avslappande og koseleg stund der. Kina-dama spurde etter Nils og vart veldig sjokka då ho høyrde at han låg på sjukehuset.
Einar køyrde meg heim, og sidan har eg gått her og sosa;  rett som det er må eg innom FB, så har eg rippa eit par bøker og strikka litt. Eigentleg er det klesvask som står på programmet, men det tek si tid når ein må tørke i trommel, og eg ikkje kan bruke trommel og vaskemaskin på samme tid.
Ellen Marie ringde og vi hadde ein lang prat om laust og fast. Ingeborg ringde også, så eg får ikkje tid å føle meg einsam. Takk til alle som bryr seg! Eg kan berre skryte av at vi har ein god familie, gode naboar og andre venner. Det betyr mykje for oss
No har eg ei maskin med klede som skal over i trommelen, så då blir det ein tur i kjellaren igjen.
Takk til Oddrun og Kjartan med fam. for den nydelige duftranken.Synd at de ikkje kan kjenne lukta.(Men det kan eg.)



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...