søndag, november 20, 2016

Dagbok 2016: 20. november


Klokka er ca 16.30, temperaturen ute er +2 grader C, men det er frose på vegane. Lettskya i dag og opphaldsvêr.
Etter å ha gitt opp å studere ørten bussruter, konsentrerte eg meg om Time-ekspressen som gårkvar time frå Volda til Kristiansund. Det er den vi har brukt til Åse. Fann ut at den som gjekk frå Ørsta ca 12.53 korresponderte med buss til sjukehuset, elles måtte eg vente til langt ut på ettermiddagen. Det er eit stykke å gå frå busstasjonen i Volda til sjukehuset, og eg visste ikkje om der var nokon som kunne hente meg. Eg gjekk heimanfrå i god tid, og var ikkje komen så langt før ein nabo nådde meg att; han og kona skulle til Volda på utstillinga på Gamlegymnaset. Så var det berre å sette seg til rette i ein flunkande ny raud bil og bli køyrt til døra på sjukehuset.
Nils var akkurat ferdig å ete middag, han hadde fått noko tørrsteikt kjøt med god saus til. Han trudde det var oksesteik. Men han hadde ete opp alt + kaffi og diabeteskake etterpå. Synest sjukehusmaten ser trist ut, men Nils vil ikkje at eg skal kome med anna mat, så då får eg berre lyde.
Eg var klar over at det var cup-finale, og den såg vi sånn delvis.
Eirik ringde og baud til å køyre meg heim, men eg ville berre ha skyss til bussen, og gå opp att frå haldeplassen, og slik vart det. Eg gjekk opp langs elva, for der er det ingen biltrafikk, trudde der var grusveg, men den er asfaltert no. Det gjekk bra sjøv om eg vart litt låk i hofta, noko som gjekk fort over. Så fekk eg ein tur ute i frisk luft i alle fall.
Nils kjem seg litt etter kvart, men blir veldig fort trøtt. I dag sa han noko som eg aldri trur han har sagt før: "Eg skal gjere slik som du sa..............." Nemleg slå av mobilen og legge seg til å sove.
Leigebuarane har sagt ifrå om at dei skal flytte denne veka. Når dei er vekk og har tatt med seg tinga sine, kjem eg til å fri til Einar, slik at vi kan få rydda litt her og der. Særleg i garasjen. Båten skal på land og heim. Håkon tek litt ansvar for det og så skal eg snakke med Jørn. Nils har hjelpt han mange gonger.
I dag var det ein ny sjukepleiar, som kjende meg frå Velle skule. Eg hugsar ikkje henne, men kjende broren betre, han hadde eg på kjøkkenet. Eg beundrar dei som tek sjukepleieutdanning-dei gjer ein fin og meiningsfull jobb.
No skal eg finne meg noko mat-det blir sikkert ein enkel rett- i dag også. Eg er ikkje den typen som kokar middag berre til meg sjølv.

2 kommentarer:

solveig sa...

No er vi berre spente på morgondagen!

Besta sa...

Ja, eg snakka med han i telefonen etter at eg kom heim, han trur legane kjem på føremiddagen.