lørdag, november 19, 2016

Dagbok 2016: 19.november


Klokka er snart 17.00. Temperaturen ute er + 3 grader og det har regna. Tidlegare i dag var det kaldare og de thadde frose på vegane. Ikkje godt å vite kvar og når det er glatt.
Når eg er heime åleine, legg eg meg seint og står heller ikkje opp tidleg. Men i dag fekk eg eit lite sjokk.Eg vakna mellom seks og halv sju, og såg at mobilen blunka på nattbordet. Eg sjekka og såg at det var Nils som hadde ringt. Eg tykte det var litt rart, så eg ringde ikkje tilbake, men la meg til å sove med mobilen i handa. Då eg vakna att var det ny oppringing frå Nils-utan at eg hadde høyrt ein lyd. Då torde eg ikkje anna enn å ringe tilbake, noko han ikkje sette pris på for han låg og sov, og han hadde ikkje ringt til meg. Forstår liksom ikkje kva som hadde skjedd.
Eg hadde avtale med Solveig og Øystein om at dei skulle plukke meg opp på veg til Volda, så eg stod klar då dei kom i 12-tida. Først var vi og besøkte Nils, så tok dei ein tur til Håkon og Birte, mens eg vart att hos Nils. Han var litt trøtt, han får ikkje sove så godt på sjukehuset, det er noko som skjer heile tida. Så no fann vi ut at han kan slå av mobilen når han vil ha fred, og sette den på når han vil vere tilgjengeleg. Han blir litt kvikkare for kvar dag, og infeksjonen har gått kraftig tilbake, men dei har ikkje greidd å finne ut kvar infeksjonen kjem frå. Han treng framleis ganske mykje hjelp, så om dei finn på å sende han heim, må vi ha hjelp av heimesjukepleien. Eg føler meg trygg så lenge han får vere på sjukehuset. Fekk melding frå han i 16-tida, då hadde han hatt seg ein god lur.
Eg handla litt mat på Kiwi i Volda, der Ingeborg har jobba, og Solveig lokka meg til å kjøpe eit glas med julesild, sidan eg ikkje et middag. Trur det må vere "fjellsild" for der var mykje tyttebær iblanda. No har eg forsynt meg av silda og eg trur det blir ein drikkfeldig kveld.Eg har fyrt godt i omnen og har bra. Om ei stund blir det kanskje noko å sjå på TV, men eg les like gjerne i Ketil Bjørnstads bok om "Syttitallet". Og strikkar litt.

1 kommentar:

torbjørn urke sa...

Eg kom frå bokslepp på Sæbø i 16-tida og kjøyrde om Volda og besøkte Nils, eit kvarter. Me hadde ein god prat, men å lese i boka eg hadde med frå Sæbø orka han vel ikkje. Får håpe at kreftene kjem tilbake. Det var kjekt for meg å få møte han i dag. Og du Olaug, viss og når bussrutene er håplause og liknande så ta kontakt ang skyss. helsing frå nabolaget Torbjørn

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...