Klokka er 19.45, temperaturen ute er +2 grader og det har stort sett vore opplett i dag. Men med finare vêr blir det kaldare. I dag hadde det snødd langt ned i fjella.
Eg har litt problem med å komme meg i seng om kveldane, klokka blir både 2 og meir, og så vaknar eg 7.30. I dag stod eg opp og sette på varmepumpa og gjekk og la meg att og sov eit par timar til. Eg har vore litt stressa siste dagane og hatt vanskeleg for å finne roa, så eg trong nok dei ekstra timane.
Sette ikkje i gang med noko særleg arbeid på føremiddagen, for Einar skulle hente meg før klokka 13.30. Han hadde eit anna oppdrag etterpå, derfor måtte vi fare bra tidleg til Volda. Eg var ein tur innom apoteket først.
Eg tykte Nils var litt kvikkare i dag, og i dag tidleg hadde han vore ganske frisk, sa han. Og han hadde fått i seg to brødskiver til frokost.Til middag skulle dei få fiskegrateng. Då vi kom var han begynt å bli trøtt. Sjølv om han har einerom er der aktivitet på sjukehuset heile natta, og dei kjem og ser til han ofte. Det er no bra, men det blir ikkje lange søvnperiodar. Han har vore van med å sove mykje no han har vore sjuk, all medisinen gjer også sitt til at han blir trøtt, då han var heime låg han også og døsa litt innimellom.
Margrete kom innom ein tur også, etter arbeidstid.
Då eg kom heim åt eg meg godt mett på brødskiver med fiskepudding og rekesalat, lenge sidan eg har laga meg særleg mat her heime.
Elles har eg strikka litt, og lese i lydboka. Eg fyrte godt i omnen og sovna med bok på øyret. Det er veldig lenge sidan eg har sove "middag".
Planane for morgondagen er enno ikkje i boks. Eg må handle eit par ting å ha med meg på sjukehuset, så eg må ha ein agenda.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar