Klokka er 17.40, temperaturen ute er minus 5 grader C og vi har hatt enda ein dag med sol og fint vêr.
No har Nils kveikt i omnen så vi har det skikkelig varmt og godt inne. Han ligg på sofaen og er ganske sløv. Vi håper det er ein reaksjon på influensavaksinen, og ikkje ein permanent tilstand.Han har ikkje appetitt, men heller ikkje feber. Sjølv merkar eg ingen ting av vaksineringa, men eg er låk i hofta igjen og kneet. Truleg fordi eg har site for mykje i ro i dag. Eit kvart skal det no vere heile tida.
I dag har eg vore på venninnebesøk. Vertinna, som nyleg har fylt 70, er frisk og sprek, elles var det litt av kvart som feilte dei andre av oss. Ja, ein tenker vel ikkje at det skal vere slik å bli gammal? Men mange gamle er jo friske og spreke heldigvis.
Eg blei henta og bringa av mannen til Ragnhild, så det var bra sørvis.
Vi sat ikkje oppe og såg valkamp sist natt, men det gjekk slik som eg spådde-Trump vann. Ikkje fordi dei ville ha han, men dei ville heller ikkje ha Hillary. Det forstår eg godt. Mange i Amerika, særleg dei fattige, vil ha "forandring" -og då har dei trua på Trump. Hillary representerer vel det tradisjonelle. Eg ville ikkje hatt nokon av dei.
Eg var i selskap frå kl.13-16. Fekk gjort litt husarbeid først på dagen, elles har eg ikkje gjort noko.
No håper vi på at Nils skal komme seg til att om ikkje altfor lenge.Torbjørn var på besøk til han mens eg var vekke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar