tirsdag, november 08, 2016

Dagbok 2016: 8. november

Klokka er 15.00 og sola skin framleis inn stoveglasa, ho kom i 9.30 -tida i dag. Og himmelen er framleis utan ei sky, marka utan snø, men litt rim får vi finne oss i. Det var kaldt sist natt, men no er det berre minus 2 grader på trappa vår.
Vi har hatt ein aktiv føremiddag, så Nils måtte legge seg nedpå litt, derfor skriv eg blogg litt tidlegare enn vanleg.
Nils hadde legetime klokka 9.00, så vi var relativt tidleg oppe. Mens han var vekke fekk eg dusja og vaska håret- blant anna. Han kom att med enda ein sjukdom som han skal ta medisin for, no var stoffskiftet litt for høgt. Det er gjerne slik at det eine dreg det andre med seg. Tek ein medisinar har det gjerne bivirkningar.
Vi hadde planlagt ein handletur i dag. Vi starta på Kiwi, men så måtte vi innom legesenteret igjen, for vi skulle begge ha influensavaksine. Det har vi aldri før tatt, men no var det etter ordre frå kreftlegen.(Eg har sagt det til Nils før, men høyrer han på meg ?) Vi måtte sitte på venterommet i 20 minutt etter at vi hadde tatt sprøytene, men vi finn alltid nokon å prate med same kvar vi er-akkurat der er vi like.
Vi var på El-kjøp og handla kaffi før vi hamna på Amfi. Nils handla medisin, eg mat, som vanleg. Eg spanderte napoleonskake og kaffi på oss. Nils plar like slike, eg likar betre andre kaker. Men i dag syntest Nils det blei vel mykje melisglasur, mens eg åt opp min.Vi fann mange kjende å prate med; folk har begynt å lure på korleis det er med oss sidan vi er så sjeldan å sjå på Amfi. I dag vart vi sett av mange.
Eg kjøpte litt pinnekjøt i ein pakke, for å få god kraft til ei suppe. Det står på kok no.
Før eg gjekk i hus såg eg mitt snitt til å få fjerna litt lauv frå plenen, så eg sette i gang grasklipparen. Med litt hjelp av riva fekk eg fjerna det meste, men det som ligg nede i skråninga får berre ligge så lenge.


Ingen kommentarer: