mandag, november 07, 2016

Dagbok 2016: 7.november

Rasmus Martin Elias Trovåg,  faren til Nils

Klokka er 18.00. Temperaturen på trappa er minus 6 grader C. Det har vore ein nydeleg dag her hos oss, med sol frå morgonen av og til ca kl.16.00. Den vart borte bak Melshornet nokre minutt rundt klokka 12.00. Sola varmar godt inne i huset, så vi slår av pumpa nokre timar.
I dag har det vore ein laber dag. Vi har knapt vore ute for døra. Nils var sjaber før middag og måtte legge seg nedpå att etter frokost. Eg nytta høvet til å støvsuge alle teppegolva, det vart ikkje gjort førre veka.
I morgon skal Nils til kontroll hos fastlegen, til tross for at han har vore innom i andre ærend fleire gonger i det siste. Då skal eg ta ei runde på byen og ordne  med ymse innkjøp og bestillingar. Eg får legge ein plan i kveld. Onsdag er eg invitert til lunsj hos ei veninne.
Elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Når Nils er oppe blir det til at vi sit mykje og pratar. Pratar i telefonen gjer vi på skift; i dag ringde Ellen Marie som har vore på tur til Barcelona med rullestol. Ja, dei tok fly ned altså, men heile byen var veldig godt tilrettelagd for rullestolbrukarar. Turen var bestilt lenge før ho braut foten.
Nils har prata med systra si, blant andre, ho skulle ta stæroperasjon.
Vi hadde nok fiskesuppe til i dag også, av den eg laga i går. Det går ikkje med så mykje middagsmat her i huset som det brukte å gjere før.
Eg måtte legge opp eit nytt spøt, dvs eit nytt lestepar. Eg strikka mens eg høyrde bok på data. Eg får vondt i hofta når eg sit, så det er noko av det dummaste eg kan gjere, men det er litt surt å legge seg rett ut også. Alternativet er å stå....
Eg skal innrømme at eg saknar hagearbeidet og plenslåtten, men det er ei tid for alt. Og no er det snart til for å ha kleda frå vaskemaskina over i tørketrommelen. Dagane er korte no, så ein kjem i kveldsmodus før ein får sukk for seg.
I dag er det fødselsdagen til Rasmus Trovåg d.e. Han vart fødd 7.november 1909. Nils er født den 14.nov. og broren  Rolf den 22.nov., så der var det ikkje langt mellom fødselsdagane.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...