søndag, november 06, 2016

Dagbok 2016: 6.november


Klokka er 20.00. Temperaturen ute er minus 3 grader C. Vi stressa ikkje med å stå opp i dag, for ikkje ante vi kor fint det ville bli. Då eg kom inn på stova skein sola inn glasa, og himmelen var utan ei sky. Og eg sluttar aldri å fryde meg over at vi bur på solsida-; første fem åra i Ørsta var vi i skuggelandet.
Vi hadde ingen planar for dagen, og det var like greitt, for Nils var ikkje i storform, og ikkje eg heller. Ja, eg har no berre den hofta, og det er no ikkje så farleg. Eg må berre passe på å ikkje sitte for mykje.
Men det er alltid litt å styre med i eit hus. I dag bestemte vi oss for tidleg middag; Nils ville ete fiskesuppe viss eg laga det, sa han, så då gjorde eg det. Har eit lite lager i frysaren av diverse matrettar, deriblant fiskebollar frå Volda fiskemat.
Etter vi hadde ete, kvilte vi litt, til Håkon ringde. Dei var på veg inn til Rjåneset, og avtalen var at vi skulle komme ut med vår bil og hente teinene, for dei går ikkje inn i Håkon sin bil. Dei hadde fått ein fin lyr, og ein heil del krabbar. Sidan dei skulle til Hareid anbefalte vi at dei tok med fangsten dit. Her går det ikkje så mykje slik mat no. Det var fint på Rjåneset i dag, og då vi kom heim att hit i 15.30- tida skein sola framleis, og ho forsvann ikkje bak Melshornet i 12-tida heller.
Etter at vi hadde drukke kaffi og slappa av litt, laga eg ei kake som no er komen i frysaren. Eg likar ikkje å bake, det blir så mykje rot og styr, men eg fekk no vaska opp og rydda etter meg. Som de ser skjer det ikkje så mykje, og vi slappar av rett som det er. Det har med alderen å gjere -blant anna.
Ønsker alle yrkesaktive lykke til med ei ny arbeidsveke. Og pensjonistane kan berre halde fram med å slappe av. Rosene som vi fekk av Kari og Kåre står minst like fine enno.


Ingen kommentarer: