torsdag, november 24, 2016

Dagbok 2016: 24.november

Vi gratulerer minstemann, Erlend, med 13 -årsdagen i dag !

Klokka er 20.30, temperaturen er + 4 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag.
Vi hadde ei litt uroleg natt, eg sov ikkje så godt, men det er no ikkje så farleg. Heimesjukepleien skulle kome i 10-tida, noko som er eit tøyeleg omgrep. Men eg hadde vore oppe i god tid, sett varmepumpa på fullt, kveikt i omnen, og så hadde vi ete frokost. Ho kom faktisk klokka 9.30, og det var berre bra, for eg hadde avtalt med Anne Elise nabo at eg skulle få sitte på med henne ned på Amfi etter at sjukepleiaren hadde reist. Ho var her bra lenge, så klokka var meir enn halv elleve då vi kunne fare. Vi fekk diverse tips om kva hjelp vi kunne få, men det enda opp med at vi i første omgang berre trong ein rullator. Nils er litt utrygg viss han skal gå utan å halde seg i noko, og då kan eg ikkje vere langt unna. Med rullatoren blir han meir sjølvhjelpt. Det var ei hyggelig dame som kom, og så viste det seg at ho er oppvaksen i gata ovafor vår. Men ho er vel såpass mykje yngre enn våre barn at vi har aldri kjent henne. Ja, Nils kjenner faren hennar, sjølvsagt.
Eg hadde ærend på apoteket, der eg var så heldig å bli ekspedert av Olav. Ikkje eit vondt ord om dei unge utanlandske farmasøytane, dei er kjekke, flinke jenter, men somme ting er det lettare å snakke med ein vaksen mann om. Og så mykje som vi handlar på apoteket føler vi at vi kjenner han. Eg fekk nesten alt eg skulle ha, berre ein ting mangla. Det får eg i morgon. Eg hadde heldigvis mykje att på resepten min. Eg skulle inn på "Mine resepter" og sjekke hin dagen, og der brukar eg bank I D-en min. Eg var ikkje sikker på kva passord eg brukte på den nettstaden, prøvde tre av dei vanlegaste passorda mine, men då låste "nøkkelen" seg, så eg må nok i banken og ordne opp.
Etterpå handla eg mat på Coop. Det var ein ting Nils hadde lyst på då han kom heim, og det var spekesild. Han og eg har aldri blitt enige om kva som høyrer til, eg er van med kålstuing, poteter og rødbetar, i Solund brukte dei rabbestappe. Eg har som regel fått viljen min, men sidan Nils ikkje kan fordra poteter lenger, laga eg rabbestappe i dag, med poteter i + meierismør og kremfløte. Det var godt, sa han, men sanninga er at ikkje noko smakar særleg godt for tida-for han. Eg har heller ikkje samme appetitt som før, men i dag vart eg stappmett.
Mens eg handla var Anne Elise hos frisøren, vi var ferdige om lag på samme tid. Eg må berre beundre Anne Elise. Der kjem eg med fire fulle nett med varer, og så spør ho: "Kvar er handveska di?"-Ja, kvar var den?. Jau den stod att inne på Amfi, eg hadde lagt den på ein benk mens eg ringde heim til Nils.( Ville berre forsikre meg om at det gjekk bra. )Eg såg veska med det same eg kom inn - og takk for det! Og takk til Anne Elise som var så observant!
Vi åt lunsj då eg kom heim, og så måtte vi kvile litt begge to. Etter at vi hadde ete middag, vart det litt høgtlesing. Eg les til Nils frå Hjørundfjordboka som han har fått av Torbjørn Urke. Det er ei fin bok. Det er fleire som har skrive om barndomsminna sine få fjorden, folk på vår alder og der omkring.
Etter kvart vart eg opplagd på å ta ein shining på kjøkkenet, det var lenge sidan sist, men så har det heller ikkje vore så stor aktivitet i det siste. I morgon blir det kanskje litt fredagsvask......
I dag fyller Erlend 13 år, og vi gratulerer. No er han stor gut og går på ungdomsskulen, eg synest det er positivt at barnebarna veks til-berre synd at vi blir gamle på samme tid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...