søndag, november 27, 2016

Dagbok 2016: 27.november

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 1 grad C, og det er i ferd med å fryse på. Det har vore opplett og ikkje vind i dag. Det skjer ikkje så mykje kvar dag her hos oss, men dagane går meir enn fort nok. Eg hadde diverse mål for kva eg ville gjere i dag, men eg kom ikkje i mål. Men når det er søndag får det vere greitt. På føremiddagen strauk eg diverse løparar etc., og fekk laga litt advent i stova. Å tenne det første lys må vi berre gløyme; Nils toler ikkje stearinlys. Men den skikken er så "ny" at ingen av oss tende lys i barndommen. Tenk det!
Mykje av dagen går med til daglege ting: fyre i omnen, lage mat osb. Men i dag fekk eg endeleg rydda såpass i garasjen at vi kan få inn bilen om vi vil. Nils ville køyre den inn sjølv, men eg fekk han frå det då eg minte han på at han måtte gå trappa.
Til middag åt vi restar frå i går+ is og kaffi til dessert.
Eg blei brått så sigande trøtt at eg måtte legge meg på sofaen med lydboka mi, og der vart eg liggande til eg begynte å fryse. Då var det å ha ut oska, hente ved og fyre opp igjen. Nils er stort sett for varm heile dagen. Han sit stort sett og ser TV, der er mykje sport så han har bra underhaldning. Han går rundt i romma for eiga maskin, men er framleis ganske slapp. Han et alminneleg godt, men ikkje som i gamle dagar. Det kan ein ikkje vente.
Eg skulle hatt tak i jule- og adventspynt på loftet, men verken Nils eller eg kan klatre opp stigen no. Dumt eg ikkje kom på det i går då Einar var her, men i morgon kjem Margrete og Amanda bortom, så då blir det ei råd. Margrete skal på eit møte klokka 18, så då ville ho vere her i mellomtida. Amanda bur i Volda, så ho ville vere med. Sjølv skal eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 13, men det plar ikkje vare så lenge.
Slik går dagane, kvar dag har sin agenda, men no må alt planleggast meir enn før.
Bilda knipsa eg frå altanen i 12-tida i dag. I dag har det vore lysare enn på lenge.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...