onsdag, oktober 25, 2017

Dagbok 2017: 25.oktober

Gratulerer med dagen, Svein Arne!

Klokka er 18.10, temperaturen ca. + 9 grader og det har vore vått og "mørkt" i heile dag. Men eg minnest ein gong vi var på Eid og feira dagen til bror min. Det kom ein voldsomt snøfall, og då vi skulle heim att om kvelden kom vi oss ikkje opp Stigedalsvegen fordi ein trailer stengde vegen. Det vart til at vi køyrde heim over Heggjadalen- dette var før vi hadde Kvivsvegen. Med andre ord - eg vil heller ha regn enn snø i oktober.
Dette har vore ein veldig sløv dag i pensjo- heimen. Nils låg lenge, han fekk medisin og litt mat på senga, men ville helst ligge litt frampå. Eg visste ikkje kva eg skulle finne på. Har nok av arbeid som ventar, og i dag hadde eg planar om å vere ute og sage med motorsag. Det var det berre å gløyme. Så eg vaska kjøleskapet i staden. Eg likar betre å styre ute enn inne, men i dag var ikkje utearbeid noko alternativ. Viss eg hadde hatt behov for å handle hadde eg "sprunge" ned på butikken ein tur, men maten går ikkje så fort unna for tida.
Nils er ikkje så SJUK, men han er slapp og har dårleg matlyst, men litt får han i seg, så det er ikkje krise. Kreftlegen i Volda er mest skeptisk på hofta, at den skal bli for veik. Fastlegen har tenkt seg ein tur opp til oss komande mandag. Solfrid ringde i dag også, ho er mellomleddet mellom oss og legen. Ein fantastisk person, som ordnar opp i det meste.
Nils stod opp ut på føremiddagen, og eg hjelpte til slik at han fekk barbere seg. Vi utvikla eit konsept mens han var på Ørstaheimen, som vi brukar her heime også. Om eg ikkje gjer så mykje anna, så avlastar eg i alle fall helsevesenet så lenge Nils får vere heime og vi stort sett klarer oss sjølve. I og med at eg for det meste har sete inne og strikka og sett TV har eg ikkje så mykje å berette.
I dag fyller bror min 76 år, og vi skulle gjerne vore der, men det er ikkje til å tenke på. Han har sikkert mange av familien på besøk, sidan alle tre barna deira bur på Eid. Den yngre garde er derimot spreidd for alle vindar.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...