mandag, oktober 16, 2017

Dagbok 2017: 16.oktober.


Klokka er 18.15, temperaturen er + 7 grader C og det har stort sett regna i heile dag. No ser det ut til å bli litt lettare, men så kjem vel stormen. I går kveld kom det nokre kraftige vindrosser, så eg måtte ut og samle opp plaststolar etc.,late att garasjedøra -og på altanen måtte eg sikre lause gjenstandar så dei ikkje skulle knuse vindua. Men kva skjedde? Ingen ting !
I dag før middag var Nils ganske sløv, som vanleg, så eg fann ut at han kunne få slappe av ei stund åleine, etter at han hadde kome seg opp og ete frokost. Eg har mykje arbeid som står på vent -det meste ute, og i dag fekk eg endeleg gjort noko. Først køyrde eg ved-sekker i trillebår frå tilbygget opp i garasjen, det har eg gjort før også, så eg trur vi klarer oss til jul. Så fann eg fram nokre kubbar som eg har saga av diverse tre og kløyvde dei med vedkløyvaren. Eg likar å kløyve, det er kjekt, så eg tok like godt og små-kløyvde eit par sekker med bjørkeved. Det gjorde eg i fjor også-det er godt å ha god opptenningsved.
Den veden som ikkje var tørr måtte eg så ha ned i tilbygget, både det eg hadde kløyvd i dag, og plommetreet som låg i sekker under altanen. Det var ikkje så veldig lurt å køyre trillebår i dag, for det er ekstremt vått i graset. Stablinga i tilbygget vil eg ikkje akkurat skryte av, men eg gjer så godt eg kan, eg har ikkje uante krefter. Men eg har litt av eit ryddeprosjekt å sette i gang ,både i garasjen og tilbygget. Garasjen er i grunnen finast utanpå, for blomkarsen blomstrar for fullt.





Her har det lege  mange ved-sekker til tørk, men no er dei komne i hus. Skulle ha rydda skikkelig opp, men det pøsregna og dessutan måtte eg inn og gi Nils medisin, og lage middag.
Middagen i dag var fiskegrateng, det er noko Nils likar og har lyst på så det lagar eg relativt ofte. Eg hadde tatt fisk og makaroni opp frå frysaren før eg gjekk ut, så det gjekk fort å lage retten. Før tykte eg det var mykje arbeid og søl med fiskegrateng, men no har eg fått så god rutine på det at det er fort gjort. Eg kokar ein heil pakke makaroni på ein gong, og frys i høvelege porsjonar. Makaronien legg eg nedst i forma, så drysser eg over eit lag med purre (Som eg har ferdig kutta i frysen) Så er det berre å lage kvit saus og koke fisken i den. Mens den kokar vispar eg egg og blandar i sausen og så slår eg blandinga i forma og drysser over med strøkavring og set i omnen, som sjølvsagt er varm. Mens gratengen står i omnen, finraspar eg gulrot. Poteter brukar vi ikkje til, for der er relativt mykje makaroni i. Vi åt oss så mette at eg sovna i stolen etterpå, og vakna først då HBO ringde på døra.
Nils har vore i fin form etter middag, trur det var bra han fekk slappe så godt av på føremiddagen. På bildet under ser de dei svarte VØR-sekkene som er fulle av hageavfall. Eg produserer stadig boss. Boss-bilen tok med ein sekk som eg sette ut sist det var bosshenting; det er kvar 14.dag. Så det kan bli eit langt lerret å bleike. Eg hadde tenkt meg ein tur på butikken i kveld, men Nils ville ikkje at eg skulle gå berre for å kjøpe melk. Vi klarer oss til i morgon. No blir det vel å strikke ferdig lesten som eg begynte på å går og vente på at Mannen skal falle.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...