søndag, oktober 22, 2017

Dagbok 2017: 22.oktober


HUGS  REFLEKS !

Klokka er no 18.25, og dagslyset held på å forsvinne. Ja, neste helg stiller vi klokka tilbake og då blir det mørkt enda ein time tidlegare. Temperaturen er +9 grader C og det har vore opplett i heile dag, og mot kveld vart det berre finare og finare utan at eg kom meg ut for å ta bilde.
Dagen i dag har vore utfordrande, sidan det ikkje er noko som er problematisk lenger. Dagane våre er heilt avhengige av korleis Nils har det. I dag var han sløv og dårleg frå morgonen av, og det lysna ikkje til tross for ekstra tablettar. Han sovna litt av og til og heller ikkje då letna det. Han får eit trykk rundt hovudet, som ei klemme, seier han, men den plar forsvinne utpå føremiddagen. Ikkje i dag.
Eg hadde tatt opp kjøttdeig frå frysaren for å lage kjøttkaker. Men Nils ville heller ha laks. Då tok eg opp laks, men laga ferdig kjøttkakene også og bruna saus. Det vart mykje matlaging før middag -men ikkje så mykje gjekk med. Ja, eg har no lært meg å ete, sjølv om eg må sjå på han som tvingar maten i seg.
Eg sette meg på datarommet med bok og strikketøy før vi drakk kaffi og åt kake. Då fekk Nils enda fleire tablettar, og DÅ letna det. No er han i bra form og ser fotball på TV.
Eg skal innrømme at eg lengtar ut når vêret er så fint, og om kvardagane kan eg alltid finne noko å gjere ute utan å forlate tomta, men sundagane må ein liksom halde stilt. I dag har vi ikkje hatt besøk av andre enn HBO. Håkon sender meldingar til Nils om fiskeriet, han vil ikkje komme på besøk fordi han er forkjøla og ikkje vil smitte pasienten.
Bøsseberarane har vore her, men vi hadde ikkje kontantar så vi gav pr. telefon. Å gå rundt med bøsser blir vel etter kvart ikkje så aktuelt. Den vesle jenta som var med mor si, fortalde at hittil hadde dei berre fått to pengar. Etterpå tenkte eg at eg nok kunne hatt ned på bøssa hennar nokre av 20 og 10-kronene eg har i ei skål. Så kunne det i alle fall ha singla litt i bøssa.
Det blir vel innsamlingsprogram heile kvelden på NRK-eg synest det blir VEL mykje, men det er sikkert mykje bra også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...