tirsdag, oktober 31, 2017

Dagbok 2017: 31.oktober

Klokka er 17.20, utetemperaturen +6 grader C, det regnar litt og det er mørkt.
Når mørkret kjem så tidleg, føler eg at det er kveld og på tide å skrive dagbok.
Dessutan reknar eg ikkje med at det skjer så mykje meir i dag.
Det er vel Halloween? Men eg har låst døra og sløkt utelampen, noko som skal signalisere at vi ikkje ønsker verken knask eller knep. Har ikkje snop i huset! Nei, eg er ikkje surmaga, og ungane må gjerne ha denne moroa med å kle seg ut og tigge godteri, men det er ikkje så kjekt å stå der utan noko å gi.
I dag vakna eg av at eg verkte noko heilt forferdeleg i ryggen, så eg greidde ikkje å bli liggande, men stod opp og fyrte i omnen og laga meg frokost. Ryggen kom seg litt etter kvart, men så begynte hofta og kneet på venstresida å murre. Nils fekk frokost og medisin på senga, men vart liggande litt etterpå. Eg sette meg med lydboka framfor ovnen og slappa av.
Men eg hadde ein plan. Så snart Nils var på beina og eg hadde kokt kaffi for andre gong, kledde eg på meg og GJEKK til Vik. Det er mange som tilbyr meg skyss, men i dag ville eg GÅ for å prøve ut om det hjelpte på hofta og kneet- og det gjorde det faktisk.
I dag hadde eg planar om diverse eg skulle kjøpe og det var ikkje mat -det kan eg kjøpe på nærmaste butikk.
Som kanskje nokre har lagt merke til har eg ein tendens til å gå i tynne, svarte joggebukser her heime. Dei er iskalde! Så i dag fekk eg kjøpt meg ei tjukk og varm bukse av merket NIKE, eg prøvde den ikkje på butikken, men  den passa akkurat, var ikkje for lang i beina eingong. Var innom apotek og parfymeri også, og så måtte eg berre ha meir garn til restelestene som er meir enn halvferdige.
Nils har lenge ønska seg eit knivstål, men det er sjeldan eg er så langt som til Jernia, i dag gjekk eg dit og fekk tak i eitt, så no kan han slipe knivane. Han ser mykje på TV og på kokkane der. Han sette pris på gåva. I tillegg fekk han boka om Lotepus, som vi kanskje kjem til å ha som høgtlesingsprosjekt - om orda er slik at eg kan ta dei i min munn. Boka har fått gode kritikkar, eg har til denne tid berre lese første sida-men den lova bra.
Eg trefte Anne Elise, nabo, på Amfi. Ho ville vente på meg så eg skulle få sitte på heim. Eg foreslo at ho heller kjørte heim og besøkte Nils, så kunne eg få gå fritt ei stund til. Det gjorde ho, og då eg kom heim var ho der framleis. Nils har vore nokså bra siste dagane, men eg likar ikkje at han er åleine så altfor lenge. Han sette pris på besøket.
No verker eg ikkje særleg mykje, så eg trur det gjer godt med litt mosjon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...