onsdag, november 01, 2017

Dagbok 2017: 1.november.

Klokka er 18.35, temperaturen ca. + 10 grader og det er mørkt og vått ute. Men eg ser det positive i at det regnar og ikkje snøar.
Dagen i dag har vore litt opp og ned når det gjeld forma til pasienten, og det er no den som styrer livet vårt for det meste.
Eg stod opp og fyrte godt i omnen, det kunne eg ha spart meg, for det vart altfor varmt. Nils fekk mat og medisin klokka 9 presis, og stod opp ei stund seinare. Men han var ikkje bra, så det vart til at han tok to Oxycodone og la seg att. Då han stod opp andre gongen var han mykje betre.
Mens han låg, skreiv eg førehandsomtale til avisa og laga kjøttsuppe (brennsnut/betasuppe) med lettsalta lammekjøt, som eg hadde salta sjølv, og vatna ut att. Det var godt, og Nils åt av den til middag og no på sein ettermiddag. 
Elles har eg strikka litt, baka brød og gjort litt forefallande husarbeid. Eg saknar utearbeidet, som før sagt.
Nils har tatt to tablettar til, slik at han skal klare å dusje. For det er travelt! Han har barbert seg før i dag-det fiksar vi mens han sit i stolen sin, og eg spring til og frå. "Ditta kan vi!"
I morgon kjem legen hit, viss alt går etter planen.
Sjølv er eg plaga med hofta og sitteknuten når eg blir sittande for mykje i ro - og når det er så vått i vêret. Men det er vel noko eg må leve med.
Vi har lese eit par kapittel av Lothepusboka, og det er ikkje så hakkande gale. Rekna med at forfattaren har hoppa over ein del gloser. I dag har her ikkje vore anna besøk enn HBO-en, men det er no kjekt at dei ser innom.
I morgon er det akkurat eit halvt år sidan Nils kom heim frå Ørstaheimen. Avtalen eg hadde med legen og dei andre var at han skulle vere heime over helga- på prøve. Tenk at han fekk vere heime heile sommarhalvåret !
I går gjekk eg og togg på datoen :31.oktober! Det var eit kvart med den dagen, men eg kom ikkje på nokon som hadde bursdag den dagen. I går kveld, seier Nils plutseleg-det er noko vi kan feire i dag! JA! Det var den 31.oktober 1959 at vi ringforlova oss. Det er 58 år sidan! Tenk det!
Skuleåret 1959-60 var eg lærarvikar på Karstad skule i Solheimsdalen. Dette var skulehuset den gongen, med parafinlampe i taket og vedfyring. For to-tre år sidan var vi tilbake i dalen, og der var det ikkje heilt som før. Men den nye skulen låg på same staden som den gamle.(Vi har vore der i mellomtida også, men ikkje ofte ).Før måtte vi reise med melkebåten frå Førde til Ervik og gå 7 km opp i dalen, no er det bilveg frå Førde og utover mot Askvoll. Den går rett forbi Øygarden, der eg budde.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...