torsdag, november 02, 2017

Dagbok 2017: 2. november

Klokka er 19.10, utetemperaturen er + 1 grad og det kjem nok til å bli kaldare. Slik er det på denne tida av året, anten regnar det, eller så blir det fint- og kaldt.  Eg har nettopp vore ein snartur på butikken, men det hadde ikkje frose på i alle fall. Eg måtte ha meg ein tur ut, for mosjon og frisk luft. Sat berre og småfraus inne.
Bildet over tok eg klokka 10 i dag morgon, var berre ut på trappa ein tur for å knipse. Det er fint med litt melisdryss på fjelltoppane, men det er i grunnen nok kvitt for meg.
Nils var ikkje så veldig i form i går kveld, men greidde å få dusja seg og vaska håret. Han ville vel vere fin til legen skulle komme i dag. Han var ikkje i form i dag tidleg heller, men fekk 2 Oxycodone såpass han kom seg opp. Mat og vanleg medisin (10 tablettar) får han på senga presis klokka 9 kvar dag. I dag var eg ikkje så tidleg oppe sjølv, men fekk no kveikt i omnen , henta avisa etc. før eg vekte Nils. Han vart liggande til klokka 11, og då fekk eg gjort ein god del i huset før han var oppe. Vi hadde nok suppe att frå i går så eg slapp å lage middag i dag.
Vi vart sittande ei stund å vente på legen, men i dag kom han, men det er ikkje så mykje han kan gjere anna enn å skrive ut reseptar. Den vonde hofta er det ikkje mykje å gjere med, og det er den som hemmar Nils mest av alt. Heldigvis verker han ikkje når han sit i ro, og så søv han godt om natta.
Vi spurde også om influensavaksine, legen meinte vi skulle ta den. Det er det heimesjukepleien som styrer med, men det er usikkert om eg kan få den her heime når Nils får si.
Etter at HBO hadde vore her, såg vi "Kakekrigen" mens vi åt og drakk kaffi. Etterpå gjekk eg ein tur på Kiwi. I kveld fann eg fram vinterjakka, men dei rosa joggeskoa fekk duge.
I dag er det eit halvt år sidan Nils kom heim frå Ørstaheimen for å vere heime over helga!

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...