Klokka er 20.45, utetemperaturen + 8 grader og det er opplett. I går kveld var tempen heilt nede på 0, men heldigvis vart det ikkje så kaldt som eg frykta.
Det har vore ein litt "lat" dag i dag. Nils låg og sov til lagt utpå føremiddagen, og eg sette heller ikkje i gang med noko storarbeid. Vaska vindua på stova utvendig, for sola var framme ei lita stund og då såg dei fæle ut, elles gjorde eg berre heilt vanleg rydde -og husarbeid. Då Nils stod opp vart det laga litt mat, og så hadde vi høgtlesing frå Lothepus-boka, som faktisk er mykje betre enn frykta.
Solveig kom ein fredagstur som vanleg og vi hadde ein handlerunde på Amfi og Kiwi. Hadde ærend på apoteket, og så kjøpte eg meg eit par heilt lave gummistøvlar. Dei hadde mange fargar, men eg kjøpte blå, sidan eg oftast går i blå bukse. Dei var ikkje dyre, så om eg finn det ut kan eg kjøpe fleire par-meinte Solveig. Solveig hadde kjøpt garn til meg, så no kan det hende eg skal strikke ei jakke til meg sjølv i staden for dei evinnelege lestane. Vi får no sjå.....men no må eg inn i stova og sjå TV i lag med Nils. Ha ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar