mandag, oktober 09, 2017

Dagbok 2017: 9.oktober



Klokka er21.10, utetemperaturen er no + 3 grader. I dag tidleg var det frose på alle hustak, men det har vore ein nydeleg dag med mykje sol.
Nils var ikkje så kvikk i dag som han var i går, men rimeleg bra etter eit par "kvikkisar" som eg kallar tablettane han tek innimellom. Etter avtale vart han liggande ei stund utover føremiddagen, såpass eg fekk støvsuge skikkeleg på stova og gangane.
Eg hadde tenkt å vere med Marit på ei lita handlerunde, for å kjøpe lyspærer m.a. Men så fann vi ei pære vi kunne bruke i utelampen, så eg skrudde i den, og avlyste handleturen. 
Til middag blei det fiskegrateng frå frysaren, så det var no lettvint. Elles har dagen gått som ein røyk utan at eg har "gjort" så mykje. Derfor tok eg no på kveldstid og bakte 6 brød. Eg lagar brøda særdeles næringsrike, for Nils si skuld. Han har bra appetitt, men et nok meir enn han eigentleg har lyst på. Han veit at det går fort nedover om han sluttar å ete. Vi har sett ein del TV i dag, Nils har ikkje så mange aktivitetar å velje mellom, og eg synest ikkje han skal sitte for mykje åleine. Slik går no dagane, og vi har det etter måten bra.
No har vi tenkt å sjå den nye norske serien på NRK 1.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...