Denne boka har eg lese på eit par dagar. Den er på berre 7 CD-ar, noko som eg synest er veldig greitt for slike bøker. Dette er ein kriminalroman utan særlig mykje attåt. Den er på ein måte veldig "amerikansk"- så det er tydelig at Liza Marklund har fått hjelp. Unge par blir drepne av eit anna ungt par, det skjer både i USA og i Europa. Ein går ut frå at det er seriemorderar som er på ferde.Boka er spennande, ein skikkelig pageturner, men oppklaringa er litt søkt etter mi meining. Boka gav meg ingen ting anna enn nokre timar med underhaldning og spenning, men av og til er det greitt nok.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

2 kommentarer:
Men eg kunne no tenkt meg å lese den ...
Det kunne du nok, men eg har levert den inn att i dag.Går sjølvsagt an å låne den om att.
Legg inn en kommentar