onsdag, desember 08, 2010

Vermelding 8.desember 2010

 
Klokka er snart halv fire. Forstår ikkje kvar dagane blir av. Ikkje før er ein vel komen i kleda, så er det kveld. I dag har vi hatt snøbyger, så Nils har fått mosjon, det er verre med meg. Temperaturen er 3-4 minusgrader, og akkurat no er det opplett.
Margrete kom og leverte frå seg Erlend i dag tidlig, ho skulle til Moa og handle julegåver. Erlend er er veldig fredelig kar, han har for det meste site ved datamaskina i heile dag, men no har han funne fram småbilane for å leike litt med dei. Lars skal hente han i 16-tida, når han er i Ørsta med Amanda, som skal på ballett -trening.
Til middag i dag har vi hatt ertersuppe og pannekaker.Så fikk vi brukt opp diverse kjøt-og pølserestar frå frysaren.
Nils sjekkar veret kvar dag, han må snart ut og sjå etter båten om ikkje anna.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt med besøk av barnebarna. No er det fint ute, så du kan ta deg ein sparketur, men ver meir forsiktig enn du var i fjor.

Besta sa...

Har ikkje tatt fram sparken enno, må først sjå om det blir stabilt. Og så er eg ikkje fullt så sprek no som då det var kaldt. Til mindre nedbør, til betre er det for meg.Kulden virkar ikkje negativtpå kroppen min.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...