tirsdag, desember 07, 2010

 
Klokka slo akkurat 2 dvs.14.00. Ute er det opphaldsver og minus 1 grad C.Det har kome litt meir snø, og det er så fint som det kan bli. Vi har nettopp ete middag, det blei pølser, poteter og rabbe i dag. Prøver å få fekk ein del restar frå fryserane no mens det er lite tilgang på fisk.
Elles har det vore ein aktiv føremiddag. Eg sette i gang med vasking og rydding på kjøkkenet, og der oppdaga eg lekkasje under vasken. Nils måtte av stad og skaffe nye pakningar, men i Vik hadde dei berre EIN, så han måtte bort på Rystelandet. Slik har det blitt etter at vi fekk alle desse store kjedebutikkane, ein må bort på andre sida av fjorden kor lite vi skal ha. No får eg berre håpe at det vart tett, så vi slepp å plagast meir.
Eg føler meg relativt frisk og rask både i rygg og hofte, men eit kvart skal det vere, så no er det skuldra! Ja, eg klarer jo det meste eg skal gjere, men strikketøyet får vente.
Natt til i går fekk vi ein ny innbygger i Starevegen. Det var den unge familien rett over vegen som fekk ei dotter. Og alle vi naboane gler oss i lag med dei! Det er mest eldre folk her i gata no, så eit nytt barn er særdeles velkome.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...