mandag, juni 12, 2017

Dagbok 2017: 12.juni

Klokka er 18.05, temperaturen er + 17 grader og det ser ut til at vinden skal klare å blåse vekk skyer og skodde. Ser i alle fall streif av sol.
Siste to nettene har eg sove lite og dårleg. Sist natt låg eg og kava til klokka var 4 før eg sovna, men då HBO kom og ringde på ein halvtime før forventa-DÅ sov eg, men Nils høyrer dørklokka, så eg kom meg opp i ein viss fart. No har eg stilt mobilen på vekking ein halv time før. Det er berre bra at dei kjem tidleg så slepp Nils å faste så langt utover føremiddagen, men etter så mange år som pensjonist er det uvant å ha vekkerklokka på.
I dag hadde vi, dvs. Nils, legetime klokka 11.00, og taxien  kom og henta oss til avtalt tid. Nils vil at eg skal vere med på alle konsultasjonar, slik at eg også får høyre kva legen seier, i fall han skulle gløyme noko. Vi trefte fleire vi kjenner på legesenteret, kjekt, for Nils spesielt, å komme ut blant folk. Legen kunne berette at blodprosenten ikkje hadde gått ned, men OPP. Det var meir enn vi forventa.
Taxi heim att også, men då vi kom heim  måtte Nils legge seg nedpå litt, han hadde hatt ein travel dag.
Eg hadde lagt i vatn klippfisk i går, og begynte å lage til bacalao. Det var så lenge sidan sist at eg måtte sjekke nettet for oppskrift. Om eg ikkje hadde absolutt alle ingrediensane som skulle til, blei retten godt etande. Det er kjekt å lage mat no når Nils har fått att smaksansen og har lyst på mat. Aberet er at eg sjølv et for mykje, det var ikkje så mykje eg åt sjølv heller då Nils ikkje skulle ha noko.
Men før vi åt fekk vi besøk frå Hjelpemiddelsentralen. Nils hadde nemnt for heimesjukepleien at eg høyrde dårleg og hadde problem både med dørklokka og telefonen (Særleg når TV-en står på). No skal vi få forsterkarar både på det eine og det andre. Ja, som eg seier, no ligg vi med sugerør langt ned i statskassa. Men denne gongen går det i mitt namn, sidan Nils høyrer veldig godt. Derfor er ikkje problemet så stort når han er heime.
Margrete og Erlend kom på besøk, og dei ville gjerne ha bacalao, så vi vart kvitt litt av resten. På Spar har dei klippfisk i store flak (heile fiskar) i dyre pakkar etc. men også små pakkar som høver for ein vanleg familie. Lettvint med fisk som er delt opp i små bitar, klar til bruk, men ein må vatne dei natta over. Fisken var god!
No er Nils og eg her åleine, men får nok besøk ein gong til - i 20-tida.
Eg føler på at eg har fått for lite mosjon siste dagane, men no skal eg i alle fall ned i kjellaren og hente opp ein klesvask som skal leggast i hop. 
Eg har ein jobb som står på vent, eg skal klippe nokre busker og male opp på kompostkverna, men då må eg ha litt tid på meg, nyttar ikkje med ei kveldstund. Eg likar å jobbe ute, og det er alltid noko å gjere når ein har hus og hage.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...