søndag, juni 11, 2017

Dagbok 2017: 11.juni


Det blir sagt at det er eit fabelaktig rhododendron-år i år. Og slik ser det ut - hos naboane. Vi kjøpte eit par busker for 2-3 år sidan og den eine har faktisk kome med nokre få duskar i år. Vi har ein av den raude sorten også, den har alltid blomstra normalt, men er avblomstra for i år.

Klokka er 19.30, temperaturen er +15 grader og i ettermiddag har det regna ein del. Tidlegare i dag var det ganske fint, og eg sneik meg ut og gjorde litt stillferdig hagearbeid mens Nils slappa av. Elles har eg gjort lite og ingen ting. Laga ein slags Taco til middag utan for mykje sterke krydder, for nils toler ikkje det lenger, sjølv om vi begge likar det.
Elles har eg strikka litt mens eg høyrde lydbok på data, men måtte legge vekk strikketøyet etter at eg tre gonger heldt på å sovne med pinnane i handa-det kunne blitt katastrofalt. No har eg vakna til live igjen, og Nils vil ha kveldsmat. Den siste HBO-en for i dag har vore her. Det blei sprøyte midt på dagen i dag også, men ikkje morgon og kveld. I morgon blir det litt morgonstress for vi skal vere hos legen klokka 11.00. Taxi er bestilt. Legen ville ha ein ny måling av blodprosenten, på legesenteret har dei ein dings som dei stikk i fingeren og får svar med ein gong. Og så får vi ta det derifrå. Går blodprosenten ned, blir det blodoverføring, det er ikkje så mykje anna å gjere, men det er no ikkje så dramatisk. Det er berre det at då må han bort på sjukehuset for dei gjer det ikkje her. Eg har aldri vore blodgivar, og eg veit ikkje kven som har gitt blodet som Nils har fått, derfor må eg takke ALLE som har gitt blod og på den måten hjelpt folk som er sjuke.
Eg har skrive opp alle avgangstidene for hurtigruta- frå Ålesund til Kirkenes, slik at vi kan halde greie på kvar naboane er til ei kvar tid. Ser med stor glede at det er gode vêrmeldingar for Nord- Norge.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...