tirsdag, juni 13, 2017

Dagbok 2017: 13.juni


Klokka er 18.20, temperaturen er + 15 grader C og det har vore ein del regnbyger i dag; akkurat no er det opplett.
I dag har eg ikkje gjort mykje til gagns og ikkje har eg trimma. Eg sit her med verdens dårlegaste samvit og lurer på om eg kanskje skal gå ned i hagen og grave opp ei hole eller to, eventuelt tømme kompostbingen eller stusse hekken, eller.......nei, det er for mykje å velje mellom, så eg trur heller eg slappar av litt til. Må no halde Nils med selskap innimellom også. Vi har forresten nettopp kosa oss med rabarbrakake(Solveig) og krem, noko som ikkje verka særleg godt på samvitet mitt.
I dag har eg skeia ut på meir enn ein måte. Altså ikkje berre med mat. Klokka 11.00 presis kom veninna som avtalt og vi reiste til Volda på shopping. Vi fekk jammen handla ganske mykje på den stunda vi var vekke. Eg fekk meg bukse, jakke, korterma overdel, langerma genser og ny handveske. Til Nils kjøpte eg ei fin  T-skjorte, han må no av og til få noko nytt han også. Som eg plar seie: Vi treng ikkje ha gamle klede sjølv om vi er gamle! Og sant å seie trong eg verkeleg noko nytt til kvardags, "besteklede" har eg nok av.
Eg fekk også kjøpt meg garn slik at eg får strikke fleire lestepar. Eg kjøpte Regia, som vanleg, men såg Hakkespettgarn på ein annan butikk. Det eg manglar no er tynt, sterkt garn, men det blir nok ei råd med det også. Ingenting som hastar.
Nils hadde klart seg godt åleine dei 2,5 timane vi var borte. Han har mykje selskap i TV-en. Og i dag fekk eg fiksa  Laptopen, så no funkar den igjen. Nils kan sitte ei stund med den, men har litt problem med å skrive sidan han er litt skjelven på hendene. Han er alltid interessert når nokon legg ut bilde av fiskefangsten sin. Han lengtar nok ofte ut att til båten og sjøen. Men han klagar ikkje. Vi har hatt besøk av to HBO-ar i dag, og ventar den tredje klokka 20.00. I dag var eg oppe i god tid før den første kom.
I morgon skal eg handle i lag med ei anna venninne. Då skal vi bort i Furene og handle på Coop der, så då får eg hamstre meir mat. Og kanskje andre ting også. Vi fer herifrå klokka 11.00.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...