onsdag, juni 14, 2017

Dagbok 2017: 14.juni

Klokka er 20.40, temperaturen er + 16 grader C og det er ganske fint ute no. Men det har vore mange regnbyger i løpet av dagen. God temperatur og litt regn gir god grasvekst, så no lyt eg snart klippe igjen, men veit ikkje om eg har nok bensin.
I dag hadde eg avtale med Marit G. og at vi skulle til Furene og handle på Coop der. Begge hadde vi lappar som vi skulle bruke, og så var der jordbær til tilbod. Det var i grunnen ikkje så mykje eg trong, men eg plukka no med meg diverse matvarer til ca. 1000 kr. Der har de meg. Det veks både i frysaren og kjøleskapet, så ingen må stresse med å komme og hjelpe meg å handle. Marit køyrde meg også bort til Felleskjøpet der eg kjøper vaskepulver i store pakkar. Har bonuskupong slik at eg få kvar 6. pakke gratis.
Torbjørn besøkte Nils mens eg var vekke, det er ikkje så kjekt for han å vere for mykje åleine.
Då eg kom heim laga eg middag, i dag vart det ovnsbakt laks med broccoli og rømme og mandelpoteter. Dei er det snart slutt på. Vi har hatt poteter frå Skjåk heilt til no. Etter middag sovna vi i kvar sin stol, mette og trøtte. Etterpå blei det dessert: jordbær og fløte! For første gong denne sommaren. Jordbæra frå Coop var veldig fine, men ikkje spesielt søte, så vi måtte ha LITT sukker på.
Eg hadde tatt av sengkleda og sett dei på vask før eg for og handla, etter desserten ordna eg soverommet, vaska golvet + eit par andre golv og hengde ut klesvask.
I går kveld gjekk eg ein tur rundt Storebakken for å få litt mosjon, veit ikkje kva eg kjem til å gjere i kveld. Då eg vakna i dag var eg sår i halsen og sikker på at eg var forkjøla, men det gjekk over, så eg trur nok heller det er allergi. Eg tek rett nok allergitablettar-men utan å vite kva eg reagerer på. Det er i samråd med legen så eg får dei på resept.
Når det gjeld Nils så er det ikkje store endringar, forma er litt opp og ned, og han sit for det meste i godstolen. Han blir dårleg i ryggen viss han prøver på noko anna. Heimesjukepleiarane er her tre gonger for dag og måler sukkeret. Han får som regel ei insulinsprøyte når dei er her klokka 16.00, det er greitt å ha denne daglege kontakten med helsevesenet om det er noko ein lurer på.
No lurer eg på om det er for seint å klippe plen.Eg får kanskje heller strikke litt og sjå TV. Forferdeleg å sjå den grusomme brannen i London.
I morgon er det meininga at Silje frå Molde skal flytte inn i kjellarleilegheita for godt. Ho har drive og småflytta heile veka.

Ingen kommentarer: