tirsdag, juni 27, 2017

Dagbok 2017: 27.juni


Klokka er 20.00, temperaturen +15 grader og det er sol og nydeleg vêr ute. Eg høyrer plenklipparar overalt, men eg skal ikkje klippe meir enn ein gong i veka har eg bestemt.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann, i dag har eg avspasert.
Etter morgonstellet etc. gjorde eg meg klar og gjekk fram i Mosmarka til frisøren min. Både Solveig og Margrete ville besøke Nils mens eg var vekke, så då kunne eg slappe av. Eg fekk endeleg av meg det gamle håret og har no ein liknande frisyre som Ine Strøm Eriksen. Eg føler meg sjeldan heilt vel med det samme eg kjem frå frisøren.
Eg ringde heim då eg var ferdig, og Solveig kom og henta meg med bil. Vi treftest ved gravplassen, der er god plass å snu.
Då vi kom heim vart det kaffi, is og litt kake. Stakkars gjestane, dei fekk ingen ting før eg kom. Margrete hadde med seg dei to yngste. Solveig hadde for fjerde år på rad strikka kofte i fødselsdagsgåve til systera. og den fekk Margrete i dag. Jakka var særdeles fin og tjukk, fordi der var vrange maskar innimellom. Eg har aldri sett noko slikt før. Margrete vart sjølvsagt veldig glad.
Med Nils er det som vanleg. Han er litt sløv først på dagen, men så kviknar han til. I dag tok HBO-en blodprøver, og resultatet fekk han ved neste besøk. Alt i orden  med blodprosenten og ikkje teikn på infeksjon. Kva det blir til med hofta veit vi ikkje enno.
Etter at alle var reiste åt Nils og eg middag, oppvarma bacalao frå i går. Det var like godt som i går, så vi måtte ha oss ein middagslur etterpå. Vi er tidleg oppe om morgonen og legg oss seint om kvelden, så vi søv sikkert ikkje meir enn normalt, sjølv om det kan verke slik.
Eg skulle i grunnen ha begynt på prosjektet med å male opp eføy, men det er no fint arbeid når sola skin-så kanskje i morgon?
Arbeid på vent.

Og no veks graset.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...