mandag, juni 26, 2017

Dagbok 2017: 26.juni

Skåtøybacalao

Klokka er 18.50, temperaturen ca.+10 grader C og i dag har det regna nokså jamt. Berre små solgløtt mellom bygene. Men eg var bestemt på å komme meg ut. 
Nils var ikkje heilt pigg med det samme han stod opp, men det er han sjeldan. Etter at han har fått medisin og frokost og kvilt seg litt går det betre.
Eg ville GÅ ein tur på butikken og det gjorde eg. Har vore på jakt etter rosa ildtoppar til vinduet over varmepumpa, og i dag rulla dei akkurat inn blomstrane då eg kom på butikken, og eg fekk det eg ville ha.No har eg så mykje blomster i stova at Nils påstår vi bur i eit drivhus. Eg passar på å ikkje handle for mange tunge ting når eg må bere varene heim, og så fordeler eg varene på to posar-då går det heilt fint. Og eg får litt mosjon.
Eg kjøpte klippfisk før helga, og la den i vatn i går. Og i dag skulle eg lage noko eg aldri har laga før, nemleg kvit bacalao. Det er ikkje så lenge sidan eg laga vanleg "raud" bacalao, men kvit har eg aldri prøvd meg på. "Bacalao" tyder eigentleg "torsk" (eller klippfisk?) og ein kan i grunnen servere den akkurat som ein vil. Eg søkte på "Hvit bacalao" og bestemte meg for ei oppskrift som ikkje var altfor innfløkt. Retten blei kjempegod! Vi hadde problem med å slutte å ete, for eg hadde laga veldig rikeleg. At det aula med kaloriar var berre bra -  for Nils ! Eg er i grunnen ikkje så begeistra for klippfisk, men når ein kamuflerer den med andre gode smakar blir det festmåltid.
Som de veit har vi sjeldan kjøpt fisk før, men ete det som Nils har fått på kroken. No blir det å kjøpe og det går også an. Vi er glade i fisk, og til to menneske skal det ikkje all verda til.
Eg må berre innrømme at eg sovna som ein stein i godstolen etterpå. 
Etter at HBO hadde vore her klokka 16.00, gjekk eg ut og jobba litt med eføyprosjektet mitt. No skal eg snart sette stoppar for det - for denne gong. Har 5-6 sekker med lauv og greiner som skal gjennom kompostkverna så snart det blir vêr til det. I dag fekk eg kosta inne i tilbygget, der eg stadig finn ting vi kan klare oss utan.
I morgon skal eg til frisør klokka 12.00-trur eg ber om gutteklipp, for no er håret mitt så utvokse og utan fasong at eg trur aldri det har vore verre. Margrete kjem hit ein tur, og Solveig kjem også innover, så Nils slepp å vere så lenge åleine.
No skin sola ute, og eg håper på godvêr i morgon. Særleg etter frisørbesøket.

Ingen kommentarer: