tirsdag, juni 20, 2017

Dagbok 2017: 20.juni




Klokka er 17.30, temperaturen er + 11 grader C og det regnar og det blæs. Gløymt er alle dei fine dagane med sol og varme Trillebåra sette eg opp på tunet i går ca. kl.13, og tok bilda på samme tid i dag. Det einaste positive er at den blir vaska- og at den er av aluminium og ikkje rustar. Eg har ikkje vore ute i dag heller, men har sett på plommetrea frå altanen. Aldri før har der vore så mykje plommer på dei, somme greiner har meir plommer enn lauv. Det kan umulig gå vel. Anten må vinden ruske ned nokre av dei, elles må vi tynne ut sjølve. Når plommene heng for tett, rotnar og myglar dei før dei blir modne. Men det er langt opp og fram.
I dag var eg veldig effektiv før middag. Før HBO kom i 9-tida hadde eg sett ein brøddeig -blant anna. Så støvsuga eg grundig alle teppegolva og vaska dei andre. Nils var litt trøtt i dag, så han sov seg gjennom mykje av rabalderet. Han var ikkje spesielt dårleg, berre litt slapp. Til middag kokte eg blomkålsuppe og så åt vi av det nysteikte brødet i tillegg.
Måtte ha oss ein liten dupp i stolen i dag også, for vi er tidleg oppe og seint i seng.
Det var på ein måte heilt greitt at det ikkje var utevêr i dag, såpass eg fekk rydda opp litt inne.
Så har eg bestilt time hos frisøren min i neste veke, har ikkje vore der sidan før jul! Men klipte meg på Amfi ein gong i vår då Nils var på Ørstaheimen.
I dag fyller Margrete 49 år. Det er ikkje til å tru at det er så lenge sidan den fine sommaren då ho kom til verda. Har ikkje så mange bilde frå ho var heilt lita, vi kjøpte det første fotoapparatet vårt det året, men bilda som eg hadde på den gamle laptopen er vekk, og albumet har Rasmus. Skal sjå om eg finn noko eg kan scanne. Sjølv om ho har bursdag er ho sjølvsagt på jobb; i dag skulle ho til Ulsteinvik og vere sensor. Sidan Øystein har fødselsdag den 22.juni, Einar den 24. og Solveig 3.juli plar vi slå saman og feire alle under eitt. Vi får sjå kva vi kan få til i år.

GRATULERER MED DAGEN, MARGRETE.

Eg har ikkje godt av å blade i gamle album, for der finn eg så mange minne om tida som ikkje lenger er. Og eg ser så altfor tydeleg at tida har gått altfor fort. Desse bilda av Margrete og Nadja trur eg det er Solveig som har tatt, og eg meiner det er ho som har framkalla dei også, den tid ho hadde mørkerom i kjellaren. Trur det er jula 1973, for kjolen Margrete har på seg kjøpte vi til konfirmasjonen hennar.
Margrete av i dag, men hunden Charlie.



Ingen kommentarer: