mandag, juni 19, 2017

Dagbok 2017: 19.juni



Klokka er snart 18.30. Temperaturen er + 11 grader C og det regnar - ergo får eg ikkje vere ute og gjere det eg hadde tenkt. Men det har vore ein kjekk dag likevel. 
Nils vakna i bra form, det er det viktigaste, HBO kom litt før tida, så frokosten slapp å vente. Vi fekk melding frå Matias om at han ville komme på besøk. Då ville Nils dusje og barbere seg, og det fekk han, sjølvsagt.(Det er ikkje alle dagar han orkar det) Eg hadde tenkt meg ein tur på butikken og handle så mykje som eg orka å bere heim. Men der hadde eg flaks. Naboen var også på handletur og baud meg skyss  heim. Dermed vart det mindre mosjon og meir mat, for eg kunne eg kjøpe mykje meir, m.a. melk. Han var ein perfekt shoppingassistent, og ikkje berre køyrde han meg til døra, han bar varene inn. Gentleman frå Hareid, seier eg. 
Matias var komen og eg sette på kaffien. Det vart berre is og kjeks, men så var det heller ikkje noko "måltid". Etter at Matias hadde gått begynte eg på middagen, men stakk av ei lita stund for å fylle mold i holene mine. Tok mold frå kompostbingen, men skal ha kjøpemold oppå. Derfor tok eg trillebåra med meg opp på tunet. Lenger er eg ikkje komen, for det har bøtta ned til denne tid.
Til middag i dag vart det fiskepudding frå Volda fiskemat, litt rart for oss å kjøpe både fisk og fiskemat, vi som har vore sjølvforsynte i mange år.
Med det samme vi var ferdige med middagen, kom Kari og Kåre på besøk med ein nydeleg fuksia, har tenkt å henge den opp på altanen, men inntil vidare står den på eit bord. Dei var her ikkje så lenge, og fekk ikkje så mykje bevertning akkurat, men koseleg at dei stakk innom. 
Då vi vart åleine, blei det ein liten dupp i stolen. I kveld er det vel "Fjorden cowboys" igjen, og då må Nils få med seg det før han kan legge seg.



Eg kjenner fleire som har fødselsdag i dag, men her vil eg gratulere Elin på Rygg med dagen i dag.
(Ho er også kjend som Lappetausa).

1 kommentar:

Elin T. Grov sa...

Tusen takk for det, Olaug!